Dei smarte stundene

La kvardagen ha nokre tomrom, utan mobiltelefon, pc eller oppgåver som krev merksemda di, tilrår ekspertar. Då vil du bli betre kjend med deg sjølv – og kanskje vil også kreativiteten blomstre.

Publisert i Magasinet Plot, mai 2016 (illustrasjonsfoto: Alizee Omaly, Flickr.com)

«Det søte i å gjere ingenting», seier italienarane. La dolce far niente. Kanskje burde alle språk ha eit liknande uttrykk? For dei minutta der vi lar mobilen ligge, gøymer fjernkontrollen og dyttar avisa godt ned i korga si kan vise seg å vere ei verdifull investering.

Lenge har det også vore heilt sjølvsagt at vi skal ha slike stunder, der vi berre kan la tankane fly. Om ikkje anna enn på bussen på veg til jobb. Men så kom duppedittane.

Tor Wallin Andreassen, professor i tenesteinnovasjon ved Norges Handelshøyskole, er uroa.

– Når vi har ein kvardag full av aktivitetar og konstant fyller opp tomromma med mobilteknologi, får hjernen aldri kvile. Vi tar mobilen fram på bussen, i heisen, på toalettet, på møte i kyrkja …. overalt! Vi kan fylle eitkvart tomrom med hjerneaktivitetar. Har vi i det heile tatt tid til å tenkje, undrar han.

Gevinst og tap
La oss ikkje svartmale. Mobiltelefonen og nettbrettet har mykje godt ved seg. Dei hjelper oss å halde kontakta med folk vi bryr oss om, dei gjev oss oppskrifter og oppdateringar og ein uendeleg tilgang på kloke ord. Men dei burde kanskje ha kome med merkelappen «handle with care».

For trass alle positive sider, kan dei også ta frå oss noko verdifullt.

Teknologiprofessor Sherry Turkle kom nyleg med boka «Reclaiming Conversation: The Power of Talk in a Digital Age», som enda på New York Times si bestseljarliste. Her skriv ho om kva følgjer auka teknologibruk kan ha for mellommenneskeleg kontakt. Ho skriv også om kva meir tilkobling og mindre fråkobling gjer med hjernen vår.

Dei verdifulle tomromma
Hjernen er aktiv heile tida. Når vi slappar av, er det det såkalla kvilenettverket, på engelsk «the default mode network», som skrur seg på. Forskarar veit ikkje alt om dette nettverket, men det har truleg ei viktig rolle i å prosessere informasjon og kjensler. Kanskje er det også dette nettverket som gjev oss evna til planlegging, dagdraumar og bekymringar.

Studiar har tyda på at kvilenettverket er viktig for å byggje identiteten vår. Truleg er det i kvardagens tomme rom at vi flettar saman erfaringane våre og forstår kven vi er.

Ifølgje Sherry Turkle gjer stadig bruk av duppedittar oss i dårlegare stand til å konstruere eit stabilt sjølvbilete. Lærer vi ikkje å vere åleine utan stimuli, vil vi lettare føle oss einsame i dei stundene vi opplever det. Ho fryktar at den gode åleinetida – som vi treng for å utvikle oss som menneske – blir borte.

Vi må faktisk keie oss av og til for at tankane skal kome til oss.

Tor Wallin Andreassen

Filosof Lars Fredrik Svendsen ved Universitetet i Bergen er inne på noko av det same i boka «Kjedsomhetens filosofi». Her skriv han at vi i stunder med keisemd opplever lite meining, og at nettopp dét kan få oss til å tenkje over kva som faktisk gjev meining.

– Du kan prøve å leve livet slik at du til ei kvar tid er underhalden. Men filologen Friedrich Nietzsche skreiv at den som forskansar seg heilt og fullt mot keisemda, også forskansar seg mot seg sjølv, seier Svendsen.

Fryktar tankestopp
Tor Wallin Andreassen er professor i tenesteinnovasjon og leiar i tillegg Center for Service Innovation ved Norges handelshøyskole. Som sjef for eit innovasjonssenter er han opptatt av kva følgjer konstant tilgang på stimuli har for kreativiteten vår.

– Skal vi utvikle gode idear, må vi setje oss i situasjonar der vi er åleine og tenkjer. Vi må deretter ta tankane ut i fellesskapet og få motstand og korreksjon, som grunnlag for å tenkje vidare. Ein viktig tanke utviklar vi over tid i skiftet mellom å vere åleine og saman med andre. Dette er fundamentet for djup tenking, innovasjon og gründerverksemd, seier han.

I boka «The Shallows» skriv Nicholas Carr om korleis mange av oss i dag fyller opp korttidshukommelsen i så stor grad at hjernen får problem med å prosessere og sende over til langtidshukommelsen.

– Vi veit meir, men vi veit stadig mindre om meir, seier Andreassen.

– Vi må avsetje tid til å tenkje på å tenkje. Vi må faktisk keie oss av og til for at tankane skal kome til oss.

Brukte telefonen dobbelt så ofte
Så kanskje vi skal stirre ut i lufta litt oftare. Stå imot impulsen om å sjekke telefonen som ikkje eingong har gitt lyd frå seg. Det kan vere at vi har noko å vinne.

Bruken av smarttelefonar er ein vane. Det har blitt ein automatisk åtferd som vi ikkje er klare over.

Sally Andrews

Og skulle du sitje der og tenkje «dette gjeld ikkje meg», kan det sjølvsagt vere riktig. Men det er også ein sjanse for at du brukar teknologien oftare enn du trur. I 2015 publiserte britiske psykologar ein studie der dei samanlikna kor ofte unge vaksne brukte smarttelefonen med kor ofte dei trudde at dei gjorde det. Kva dei fann? Jo, at folk brukte telefonen sin dobbelt så ofte som dei trudde – i gjennomsnitt om lag fem timar dagleg.

Studien var liten, men han ga ein peikepinn på at det kan vere ganske vanskeleg å estimere eigen tidsbruk.

– Bruken av smarttelefonar er ein vane, forklarte Sally Andrews, ein av psykologane bak studien, til Huffington Post.

– Det har blitt ein automatisk åtferd som vi ikkje er klare over.

Automatisk – men kanskje ikkje så smart.

Share on FacebookEmail this to someone