Ingen barn, inga lykke?

Éi av fem kvinner i Vesten har ikkje barn. Professor Cristina Archetti tar utgangspunkt i eige liv når ho forskar på kvifor mange barnlause kjenner seg utanfor og mislykka.

Publisert på hf.uio.no og på forskning.no, oktober 2016. Foto: Alf Øksdal 

Det hadde aldri vore så viktig for Cristina Archetti å få barn. Men då ho forstod at ho truleg ikkje ville få det, kjende ho seg plutseleg mislykka.

Spesielt sterk var kjensla den dagen ho vart forfremma til professor ved Institutt for medier og kommunikasjon. Endeleg hadde ho nådd målet sitt; dørskiltet vart endra, løna gjekk opp, ho fekk nye businesskort. Men elles var alt akkurat som før.

– Det var eit stort antiklimaks. Alt arbeidet eg hadde lagt ned gjennom dei siste tjue åra, hadde handla om dette. Eg begynte å spørje meg sjølv om eg hadde gjort alt feil. Korleis kunne eg ha vore så dum? Eg hadde jo gått glipp av heile meininga med livet.

Det er underleg, tenkjer ho i etterkant, at kjensla av å ha mislykkast var så sterk, sjølv om det å få barn aldri hadde vore særleg viktig for henne. Det kjendest som om ho mangla noko andre hadde.

Barnlaus eller barnfri
På engelsk skiljast det mellom to ord: «childless» og «childfree». Det første ordet siktar til kvinner som har ønska å få barn, men som ikkje får det. Det andre ordet skildrar kvinner som har valt ikkje å få barn.

I Noreg har vi berre eitt omgrep: barnlaus. Med andre ord – har du ikkje barn, er det noko som manglar.

Portrett av Cristina Archetti.

Cristina Archetti. Foto: Alf Øksdal

For sin eigen del spurte Archetti seg kor deprimert ho skulle la det gjere henne. Ho og ektemannen hadde prøvd i seks år, kor mykje tid skulle ho bruke på å lengte? Ho stilte også spørsmål ved korleis andre kvinner i hennar situasjon hadde det, og ho bestemte seg for å undersøke det som forskar.

For ho visste at ho ikkje var den einaste. Éi av fem kvinner i vestlege land har ikkje barn. I Noreg er delen ein av sju. Og kvar fjerde norske mann blir aldri pappa.

Eit tema det gjer vondt å snakke om
Så langt har ho intervjua 13 norske, svenske, danske og italienske kvinner. Ho har høyrt historier om sorg, om å lengte, om årevis med forsøk og skuffelsar. Om kjensla av å ha mislykkast. Om å kjenne seg utanfor.

– Å intervjue desse kvinnene er annleis enn å intervjue politikarar eller diplomatar. Dette er eit tema som mange ønskjer å snakke om, men det gjer vondt. Kanskje er det lettare for dei å snakke med meg enn med mange andre, sidan eg sjølv ikkje har barn. Fleire har sagt at dei er glade for å kunne snakke med meg, at dei kan fortelje meg ting som andre ikkje forstår, seier Archetti.

Kvinnene ho intervjuar er i ulike situasjonar. Ei er bonusmamma, og sjølv om ho er glad i barna, spør ho seg om det er verdt alt strevet. Ei anna har vore gjennom nesten ti prøverørsforsøk.

– Kvifor vel ein å gå gjennom så mange forsøk, med alt det inneber? Eg trur at dette ikkje berre handlar om eit inderleg ønske om å få barn, eg trur det også handlar om press frå samfunnet rundt. Eg har møtt kvinner som har fått liva sine nesten øydelagde. Viss livet utan barn var eit meir synleg alternativ, ville dei kanskje ikkje utsetje seg for alt dette.

Mødrer som angrar
Ikkje å ha barn, og også å angre på at ein har fått det, er tabubelagde tema. Den israelske sosiologen Orna Donath sparka i gang ein stor debatt då ho i 2015 publiserte ein studie basert på intervju med 23 israelske mødrer som angra. I artikkelen skreiv ho at medan morskap kan føre til sjølvrealisering, tilfredsheit, kjærleik, stoltheit og glede kan det også føre til smerte, hjelpeløyse, frustrasjon og skuffelse.

Lenger nord, i Tyskland, ga forfattar Sarah Fischer ut boka «Die Müttergluck-Lüge» («Mammalykkeløgnen»), med undertittelen «Å angre på morskap – derfor ville eg heller blitt far». Spaltisten Harald Martenstein meinte på si side at «morskaps-angrarane» dreiv barnemishandling, sjølv om dei samtidig sa at dei elska barna sine.

– Debatten har vore svært kjenslelada. Det har kome hundrevis på hundrevis av kommentarar. Nokon har påstått at Orna Donath har juksa. Folk har vore alt frå forståingsfulle til ekstremt aggressive, seier Archetti.

Ekstra tøft å vere barnlaus i Noreg?
Ho er i starten av si eiga forsking på temaet, men ho har ein hypotese om at ikkje å få barn er meir akseptert i andre land enn Noreg. Sjølv kjem ho frå Italia, der éi av fire kvinner i 40-åra ikkje har barn.

– For dei fleste italienske kvinner er det uaktuelt å bli gravide gjennom sæddonasjon. Er du singel, kan det godt hende du bur heime hos foreldra dine. Økonomien er annleis enn i Noreg, det finst færre støtteordningar for barneforeldre og det er nokså strenge restriksjonar for kven som kan få prøverørsbehandling. Eg trur at mange i Italia lettare vil forstå at kvinner ikkje har barn, seier ho.

I Noreg kan ein derimot få inntrykk av at det å få barn alltid er muleg: Single kan få sæddonasjon i Danmark, par kan forsøke prøverør eller i det minste adoptere.

– Men eg har intervjua mange kvinner som kunne ønske seg barn, men som ikkje kan få det. Prøverør har ikkje ført fram, og dei kan heller ikkje adoptere. Kanskje er dei for gamle, dei har hatt kreft eller er single. Dei fleste barnlause kvinner har ikkje valt å bli det, seier Archetti.

For sin eigen del har ho aldri fått svar på kvifor ho og ektemannen ikkje har fått det til. Det er ingenting fysisk gale med dei, men likevel har det ikkje gått. Slik er det for mange.

«Det er som om vi ikkje eksisterer»
I intervjua har ho mellom anna spurt kvinner om dei kjenner seg som del av ei gruppe. Nokre svarer ja, andre nei. Fleire har stor glede av diskusjonsforum for barnlause på nettet, dette gjer at dei ikkje kjenner seg åleine. Men når kvinnene blir spurte om dei kjenner seg representerte som gruppe i media, er svaret nei.

– Dei fleste seier at det er som om dei ikkje eksisterer. Éi meinte at problemet ikkje berre er manglande representasjon av barnlause, men også at media feilrepresenterer kvinner og mødrer. Har du barn, blir du portrettert som glad og lykkeleg. Men det er jo ikkje alltid slik.

Fleire av kvinnene har fortalt henne at dei ikkje snakkar om temaet med andre, og gjer dei det, er det berre med nære venner. Men det finst også nokre som ønskjer å endre samfunnet. Archetti er sjølv ei av dei.

Ønskjer at barnlause skal bli meir synlege
– Eg meiner ikkje at kvinner bør la vere å få barn, men alle kvinner må bli anerkjende for det dei har å tilby, seier ho.

– Viss barnlause og barnfrie kvinner vart meir synlege i samfunnet, ville dette betre liva til dei som ikkje har barn. Dei ville ikkje alltid gå rundt og føle at noko manglar. I dag verkar det som om ein ikkje kan bli lykkeleg utan barn. Kanskje vi må endre på denne oppfatninga og gjere det meir akseptabelt ikkje å ha det.

Kvinnene og historiene burde få meir plass i mange slags fora, meiner ho.

– Generelt er temaet sjeldan å finne, både i filmar, seriar, nyheiter og offentleg debatt. Ein finn fleire historier om mirakelbabyar, som kanskje er fødde av kvinner på 50 år, men alle dei mislykka forsøka blir passerte i det stille.

Korleis er det så for Archetti å forske på eit tema som er så personleg for ho?

– Ein kan sjølvsagt spørje korleis eg kan vere objektiv, det er eit legitimt spørsmål. Men samtidig: Kva forsking er eigentleg objektiv? Alle forskarar er menneske, med eigne meiningar og kjensler. Det å vere i same situasjonen som dei eg intervjuar, betyr at eg forstår dei på ein djupare måte enn andre ville gjere. Kvinnene seier også at det er lett å fortelje meg ting, fordi eg forstår dei. Det gjev meg ei verdifull mulegheit, nemleg å la andre sine stemmer bli høyrde.

Sidan forskinga er i startfasen, er ho stadig på leit etter nye intervjuobjekt. Ho oppmodar både kvinner og menn utan barn til å ta kontakt med henne, anten det er sjølvvalt eller ikkje. Alle som ønskjer det vil få vere anonyme.

– Barnlause kvinner er lite synlege i media, og mennene heilt fråverande. Det er også vanskelegare å få kontakt med mennene. Men dette gjeld faktisk kvar fjerde mann i Noreg, seier Cristina Archetti.

Fakta: No Child Zone
Forskingsprosjekt: “Unpacking the No Child Zone: Media, Communication and Technology in the Making and Mobilization of Childfree and Childless Identities”
13 kvinner vart intervjua i ein pilotstudie. Archetti har søkt Forskningsrådet om midlar til eit større prosjekt. Utan midlar vil ho halde fram med prosjektet i mindre skala.
Måla er fleire, mellom anna å forstå kor viktig kommunikasjon er for å skape ein felles identitet blant barnlause, å forklare korleis media påverkar barnlause si oppfatning av seg sjølve og betre å forstå velferdsstatens fertilitetsutfordringar.

Share on FacebookEmail this to someone