Ei kinesisk kjærleikshistorie

I Noreg var Yu Juan ein ung og ukjent masterstudent. Sju år seinare plantast det millionar av tre til minne om henne. Dei kallar trea Den norske skogen i Kina.

Publisert i Nationen, 6. juni 2014

Disen ligg lett over den vesle landsbyen. Bøndene, unge og gamle, er ute med hakker og spader. Mellom åsane i landsbyen Longwei dyrkast det salat, mais, bomull og søtpoteter. Frukttrea bringer eple og pærer, kastanjar og sharonfrukt. Lufta er varm og fuktig, og over åkrane flyt grashoppene sin summande melodi.

På eit lite jorde står ei sped kvinne i 50-åra. Su Ping har blå dongerikjole og hagesaks i handa. Lett, og med varsemd, klipper ho av dei nedste greinene på eit ungt, spinkelt tre med friske blad. Ho har sett mange unge tre døy dei siste to åra. No håper ho at stadig fleire skal få leve. Den norske skogen i Kina skal dekke åsar og fjell, sletter og vegkantar. Trea skal bli det første folk ser når dei besøker Longwei. Dei skal gje bøndene eit enklare liv, og eit rikare liv.

Su Ping administrerer eitt av fleire hundre treplatingsprosjekt som har sprunge ut i Kina dei siste femten åra. Men bak dei spirande trea i landsbyen Longwei ligg ei historie med få sidestykke.

Yu Juan er eit ukjent namn for dei fleste nordmenn. Men den unge studenten som kom til Noreg i 2005, skulle seinare bli kjent blant tusenvis av kinesarar.

I dag sit forskar Solveig Glomsrød på kontoret sitt ved CICERO Senter for klimaforskning og minnast henne.

– Ho kasta seg ned under det tre meter høge juletreet vårt, for for å finne ut kva som gjorde at treet kunne stå oppreist, hugsar Glomsrød.

– Nysgjerrigheita følgde med henne overalt. Yu Juan var ein… strålande person.

Solveig Glomsrød var bivegleiar på Yu Juan si masteroppgåve, ein jobb som skulle resultere i eit livslangt vennskap, og også i eit forskingssamarbeid. For eitt spørsmål opptok dei begge: Korleis kan rein energi bli ein del av fattige kinesiske bønder sin kvardag?

Sidan 1978 har Kina opplevd ein enorm vekst, og veksten har fått store konsekvensar. Samtidig som mange har blitt løfta ut av fattigdom, lever mange bønder framleis i svært fattige kår. Unge vel gjerne å gje opp livet på landsbygda og flytte til byane, i håp om ei betre framtid.

Veksten har også i liten grad vore regulert. Overdyrking, industriell vekst og klimaendringar har gjort at maten, vatnet og lufta i dag er svært forureina, avfallshaugane veks og ørkenen spreier seg. Ifølgje FN var 27 prosent av landarealet ørken i 2009.

Utfordringane står framleis i kø i verdas nest største økonomi.

Då Yu Juan kom til Noreg i 2005, representerte ho ein ny generasjon kinesarar, nemleg dei mange tusen kinesarane som i dag jobbar for å få heimlandet inn på eit grønt spor. For Yu Juan sin del var det også viktig at veksten skulle komme fattige til gode.

Yu Juan på Dalsnibba på Sunnmøre. Foto: privat

Yu Juan på Dalsnibba på Sunnmøre. Foto: privat

Åra i Noreg skulle inspirere henne. Ho opplevde Noreg som eit fredeleg land, og ho trudde nærleiken til naturen var årsaka. Sjølv midt i hovudstaden var naturen aldri langt unna. Ein augustdag i 2006, medan mor Su Ping var på besøk og dei to rusla ein tur langs Sognsvann, foreslo ho for mor si «å ta den norske skogen med attende til Kina».

– Eg vil dele denne roa med mitt eige folk, forklarte ho.

Slik fekk Su Ping for første gong høyre om prosjektet dottera hadde under planlegging.

 

Shanghai, Kina, vinteren 2010

Det begynte som smerter i ryggen. Så vart smertene så intense at Yu Juan ikkje klarte å gå. Legane forsøkte å finne ei forklaring. Kunne det vere bekkenplagar etter at ho fødde sonen sin?

Diagnosen ramma den vesle familien hardt. Brystkreften var av den verste sorten. Men likevel: I 20. etasje på Zhongshan hospital i Shanghai skulle Yu Juan bli kjent som den som gjekk frå dør til dør og fortalde spøkar til dei andre pasientane. Aldri hadde dei høyrt så mykje latter i 20. etasje.

Yu Juan brukte dei stadig svekka kreftene sine på dei ho hadde rundt seg, og også på bloggen sin, som på kort tid vart ein av Kinas mest populære. Bloggen var delvis ein rasjonell gjennomgang av mulege årsaker til at akkurat ho hadde fått kreft; ho skulda på forureining, giftgassar frå møblar og alt presset ho hadde lagt på seg sjølv for å prestere. Men framfor alt skreiv Yu Juan om å velje, og om å velje vekk. Ho meinte at ho sjølv hadde undervurdert verdien av eit balansert liv, og ho ba lesarane om å jobbe mindre, og elske meir.

I denne perioden tok Yu Juan også kontakt med bønder, styresmakter, forskingsinstitutt og mulege sponsorar til prosjektet ho hadde begynt på. Ettersom sjukdommen åt seg innover kroppen hennar, fekk ho eit stadig sterkare ønske om at heimlandet hennar skulle gjenvinne ein balanse med naturen. Ho drøymde om at åsane rundt Longwei skulle bli grøne og frodige, og om at bøndene skulle produsere berekraftig energi.

su-ping-pleier-trc3a6r-3

Su Ping, mor til Yu Juan, i landsbyen Longwei. Foto: Danijel Simeunovic

Kina, i dag

På ein togstasjon sør i Beijing står hundrevis av kinesarar i forskjellige køar. Dei trippar, skal tydelegvis nå eit eller anna. I ein annan del av hallen flyt kinesisk harpemusikk ut av ein høgtalar, som eit vitne om ei svunnen tid.

Vi skal til staden der det heile starta, og vi skal dit saman med Su Ping. Den vesle landsbyen Longwei ligg ein times køyretur frå togstasjonen i byen Qufu. Hit reiste mor og dotter, kvart einaste år, når dei ville søkje tilflukt frå støyen i heimbyen. Til fots vandra dei bortover ein smal kjerreveg, dei lytta til grashopper og fuglar og såg på dei ville buskane i vegkanten. I Longwei opplevde 15 år gamle Yu Juan for første gong dei fattige bøndene på den kinesiske landsbygda. Her bestemte ho seg for at ho, ein dag, ville bruke livet sitt til å hjelpe.

 

Fleire år etter Yu Juan sin død er vegen den same, men naturen er mindre vill no. Kjerrevegen er omkransa av store, grøne tre, bomullsplantar og små salatåkrar.

– Velkomen til paradis, helsar to kvinner vi passerer. Smila fyller heile ansikta deira.

Litt oppi åsen kjem vi til ein liten gard. Brune høner trippar lett rundt på gardsplassen. Vi er ved hovudsetet til prosjektet Den norske skogen i Kina. Her møter Su Ping to andre som bruker pensjonisttilveret sitt til skogplanting. Saman går dei ut i ein liten åker og studerer spirande rekker med kinesisk pistasj.

Treslaget kinesisk pistasj er i Kina eit symbol på god moral og sterk karakter. Men det kan også bringe lønsemd til samfunnet: Etter fire år kan blada brukast til teproduksjon. Og etter sju år kjem fruktene, som det kan produserast biodiesel av. Når skogen er blitt 200 kvadratkilometer stor, tilsvarande halve Nordmarka ved Oslo, har kinesiske styresmakter lova å byggje eit raffineringsanlegg.

Fleire titals bønder er engasjerte til å passe trea og på sikt hauste blada og fruktene. Det er stor interesse for prosjektet: I ei spørjeundersøking gjort av CICERO Senter for klimaforskning i 2012, svarte nesten alle dei spurte i landsbyen at dei kunne tenkje seg å bli med på skogplantinga, og gjerne også å investere – dersom prosjektet blir vellykka.

Den norske skogen i Kina er berre ein liten del av eit stort, grønt lappeteppe. Aldri før, og ingen annan stad i verda, har skogane vakse raskare enn i dagens Kina. I 2013 planta kinesiske bønder og frivillige 2,5 milliardar tre, og styresmaktene har mål om å doble landets skogdekke innan 2020. Prosjekt etter prosjekt poppar opp – nokre er initierte av styresmaktene, andre har blitt starta av enkeltpersonar, som Yu Juan.

– Kina opplever i dag ørkenspreiing, sandstormar, erosjon, ras og flaumar. Skogplanting minskar risikoen for alt dette. I tillegg er skogprosjekta ein viktig del av Kinas klimapolitikk, seier Solveig Glomsrød.

Sjølv har ho besøkt Longwei fleire gonger, ilag med kollega Wei Taoyuan. Saman med Yu Juans kollegaer ved Fudan-universietet vidarefører dei den forskinga som Yu Juan ønska skulle skje: Dei undersøkjer kva som motiverer bøndene på den kinesiske landsbygda til å plante skog. Sjølv om staten eig jorda, er det nemleg bøndene som er nøkkelen til å skape eit grønare Kina.

Før Yu Juan gjekk bort, lova Su Ping henne å vidareføre prosjektet ho hadde starta. I dag har ho selt huset sitt for å få pengar til skogplanting. Å eige eit hus betyr ingenting, ei seng er nok. I bil eller til fots vandrar ho rundt på dei humpete vegane i Longwei, snakkar med bønder og klipper av greiner på tre som om ho aldri har gjort noko anna. I augo sine har ho eit fredeleg uttrykk.

– Prosjektet har blitt ein andre Yu Juan for meg, fortel ho.

For når tørke rammar nye avlingar, eller når ho må streve for å overtyde nokon om at trea er viktige, då er det som om Yu Juan er der hos henne og ler for å muntre henne opp. Det kjennest som om dottera har kome attende til henne, som om ho dyttar henne framover.

Og slik klarer Su Ping å leve vidare, med målet klart i sikte: Når åsane, fjella, slettene og vegkantane i Longwei er dekka av grøne pistasjtre, skal Su Ping ta med dottera si oske og gravleggje urnen under eit av trea. Slik skal Yu Juan få oppleve at draumen hennar vart verkeleg.

Den vesle guten var på mormora sine skuldrar, med armane tett rundt nakken hennar og kinna nært inntil huda. Han kviskra: «Mormor! Eg vil at vi skal vere så nære kvarandre som dette, alltid!»

Mormor vart rørt av det den vesle guten sa og gjorde. Etter ein liten pause, sa ho kjærleg:

«Kjære vennen min, ja, det skal vi, vi skal vere nært kvarandre som dette, for alltid. Eg treng berre litt meir tid til å…»

«Eg veit!» sa den vesle guten. «Du plantar tre for mamma! Når eg blir stor, skal eg plante tre saman med deg.»

Omsetting av blogginnlegget «Å plante tre for mamma», skriven av Yu Zigeng (Yu Juans far) 15. september 2013

 

FAKTA: 

 

MILJØPROBLEM I KINA

Kina er verdas nest største økonomi. På grunn av manglande reguleringar slit landet no med alvorlege forureiningsproblem:

‘Det reknast med at tre kvart million menneske døyr for tidleg kvart år pga luftforureining

‘90 prosent av grunnvatnet er forureina og rundt 300 millionar menneske på landsbygda er avhengige av forureina drikkevatn

‘Matsikkerheita er dårleg pga store mengder forureining og sprøytemiddel

‘27 prosent av landarealet var ørken i 2009, og store delar av landarealet står i fare for å tørke ut

 

TAR GRØNE GREP

Dei siste åra har kinesiske styresmakter tatt store grøne grep:

‘Kina sa i 2012 at dei ville bruke rundt 2100 milliardar kroner på grøne investeringar. Målet er å kutte CO2-utsleppa med 40-45 prosent per BNP-eining innan 2020, samanlikna med 2005

‘Skogplanting er ein viktig del av Kinas miljøtiltak. Kina nådde målet om 20 prosent skogdekke innan 2010. Innan 2050 er målet at skogen skal dekke over 42 prosent av landarealet

‘Ifølgje styresmaktene planta kinesiske frivillige 2,52 milliardar tre i 2013. Styresmaktene løyvde rundt 8,8 milliardar kroner til føremålet. Tanken er å verne skog, oppretthalde ei økologisk sikkerheit og nedkjempe klimaendringar

‘Det pågår omfattande forskingssamarbeid mellom Norge og Kina innan miljøvenleg energiteknologi, klima og miljø

Kjelder: Asia Water Project, Verdensbanken, Science Magazine, FN, Reuters, The Guardian, China Daily, Utenriksdepartementet

 

PROSJEKTET «DEN NORSKE SKOGEN I KINA»

‘Storstilt planting av treslaget kinesisk pistasj i landsbyen Longwei, i provinsen Shandong

‘Den kinesiske kvinna Yu Juan starta prosjektet. Etter at ho døydde av kreft i 2011, har mor hennar, Su Ping, ført prosjektet vidare, med hjelp av bønder og frivillige

‘Skilnaden mellom inntektsnivået i by og bygd er stort i Kina: I byane er gjennomsnittsinntekta tre til fire gonger høgare enn på landsbygda

‘Kinesisk pistasj kan på sikt gje gode inntekter til bøndene, gjennom produksjon av te og biodiesel

‘Bøndene i Longwei er positive til prosjektet: 121 av 147 spurte i ei undersøking ønskjer å delta gjennom å plante skog på sitt landareal, 55 av desse deltar allereie

‘Prosjektet følgast opp av norske og kinesiske forskarar

Kjelde: Prosjektet «Den norske skogen i Kina» og CICERO Senter for klimaforskning

 

Om reportasjen:

Denne reportasjen er basert på intervju med Su Ping og ei lang rekke frivillige i prosjektet «Den norske skogen i Kina». Tolk: Tao Ma. Journalisten har også intervjua fleire av Yu Juans norske venner, henta informasjon frå Yu Juans blogg samt gjort eigne observasjonar under eit besøk i Kina i september 2013.

 

Share on FacebookEmail this to someone