Drøymer om ein sjokoladebit

Dei siste vekene har ho fronta Turistforeningen sine nye Fjellsjekkereglar og delt ut grøne singelhuer på Vinjerock. Men der er eitt sjekketriks som ville få Mari Stephansen sjølv til å smelte.

 

Publisert i Avisa Hordaland, 2. august 2014

mari-1

Mari Stephansen. Foto: Silje Pileberg

– Åh nei, at eg ikkje tok med badetøy!

Turistforeningen sin ferske kommunikasjonsrådgjevar ser eit mørkt hovud sige rundt i vatnet nedanfor skråninga der ho står. Dei fleste vatna i Oslo-marka er framleis ubada vatn for Mari. Men det blir det nok snart ei forandring på.

31-åringen frå Voss tok nyleg med seg flyttelasset sitt til hovudstaden for å starte i det som for henne er drøymejobben: Kommunikasjonsrådgjevar i Noregs største friluftsorganisasjon. Slik er ho attende der ho starta. Sine første tre år budde ho nemleg på Hellerud i Oslo, før foreldra tok med dei tre borna «heim» – til mamma Jorunn Flisram Stephansen sin barndomsheim på Voss.

– Det første eg sa då vi stod utanfor døra i Voss, var visst «jeg vil hjem», ler Mari.

Dialekta har endra seg dramatisk sidan den gong. Den glade jenta som har sete seg ned på eit berg ved Ulsrudvann, er ei ekte vossajente.

Sjokolade på steinane
Mari vart tidleg glad i å vere på tur. Eit av dei første minna hennar er mintsjokoladar på steinane langs stien i Tvildesåsen. Ho hadde, og har framleis, to turglade foreldre, som visste korleis dei skulle få Mari og dei to eldre brørne med ut i naturen.

– Dei la sjokoladar på steinane og tok oss med på orientering. Eg hugsar at dei såg orienteringsposten først, men trekte seg unna slik at eg kunne rope at eg hadde sett han, fortel ho.

Ved hytta i Myrkdalen var det turar både sommar og vinter. Det var skileik, skitur og middag i skogen.

– Pappa er gamal speidar. Ofte tok han med primusen ut. Berre å kunne varme opp noko så enkelt som ein lapskausboks… det smakte så godt! Og det var spennande å sjå at ein kunne ha middagsbordet akkurat der ein ville.

Mari assosierer turlivet først og fremst med kos. God mat, kakao på termos og foreldre som berre hadde søndagsmiddagen dei skulle rekke. Det var også stas å vere saman med brørne Øyvind og Dag.

Glad i å prate
Etter ei barne- og ungdomstid med primusmiddagar, mintsjokolade, fotballtreningar og sauar som breka våren velkomen frå gardane rundt barndomsheimen, skulle også Mari bli vaksen. Det var tid for å velje seg eit yrke.

– Eg hadde hatt hatt media som studieretningsfag på Voss gymnas, og det trigga meg til å halde fram, fortel ho.

– Eg følte alltid at journalistikk var yrket som låg nærast meg. Eg er glad i å fortelje historier, utadvent og eg liker å bli kjent med folk. Det er naturleg for meg å oppsøke andre menneske og få dei til å snakke med meg.

Dermed vart det først filmlinje på folkehøgskule, og sidan tv- og radiolinje på Gimlekollen mediehøgskule i Kristiansand. Og kvifor tv og radio?

– Eg likar betre å uttrykkje meg munnleg enn skriftleg, seier Mari.

Sin første mediejobb fekk ho i NRK Sogn og Fjordane, og sidan balla det på seg, med NRK-jobbing både i Oslo og Bergen. Etter over fem år i NRK, jobb som pressesjef på Ekstremsportveko og utanlandsopphald i Berlin, bar det vidare til TV2-nyheitene i Bergen.

«Bånn gass»
– Å jobbe som nyheitsjournalist er kjempespennande. Men du skal vere «up for it». Det er stort sett bånn gass heile tida. Du skal ha idear, produsere kvar dag og levere under press. Du blir sendt på direkten utan å vite heilt kva du skal seie. Det er kjempekjekt og det gjev ei super meistringskjensle, men det krever sitt, seier ho.

I TV2 var ein klassisk månad slik: Først ei veke med dagvakter, som regel med overtid fram mot sending klokka 18.30. Så følgde ei veke med kveldsarbeid frå klokka 13 til 21.30. Etter dette, ei veke med titimarsdagar og helgejobbing. Og så endeleg; ei heil veke fri.

– Det var veldig kjekt å ha ei heil veke fri. Då gjekk eg for eksempel i Aurlandsdalen. Men samtidig, når eg hadde hatt sånt eit kjør dei tre vekene i førerkant, måtte eg bruke nokre dagar berre på å senke skuldrane, fortel ho.

Etter åtte år som nyheitsjournalist var ho klar for eit temposkifte.

Eit verdival
Gjennom ungdomsåra og det unge vaksenlivet hadde Mari tatt vare på gleda over naturen. Familieturane hadde sklidd over til hytte- til hytteturar med veninner og fjellfestivalar. Når ho innimellom spurte seg sjølv kva ho hadde lyst til om ho ikkje skulle vere journalist, enda tanken ofte med Turistforeningen.

Slik skulle det bli.

– Turistforeningen sine verdiar samsvarar med mine verdiar. Organisjonen jobbar for å verdsetje det vi har rundt oss, seier Mari.

– Naturen gjev oss ei mental avkobling, og han gjer at vi pressar oss sjølve, anten det er til å gå ned ein skrent eller opp på eit fjell. Vi må ta vare på den leikegrinda vi har i naturen! Kor viktig er det ikkje at det står nokon med 250.000 medlemmer bak seg og seier frå, for eksempel om at vi ikkje ønskjer at det skal vere fritt fram for snøskuterkøyring i fjellet?

Mari ser spesielt fram til å bli kjent med organisasjonen sine mange frivillige. Ho gleder seg også til å utforske nye delar av Noreg. Mykje av jobben hennar vil vere å halde kontakt med media, og ei av hennar neste oppgåver vil vere å ha ansvaret for at Kom deg ut-dagen 7. september får omtale i media.

Grøn og gratis
Nyleg sto Mari på Vinjerock med 400 grøne huer til utdeling. Det som byrja som ein aprilspøk, hadde nemleg utvikla seg til ein slags singelkampanje for Turistforeningen: Grøne, oransje og raude huer signaliserer sivilstatusane ledig, usikker og opptatt.

Mari meiner at den lange køa som samla seg framfor standen tyder på at det er mange som søkjer sin make der ute. Det er også mange som ikkje er redde for å vise det.

– Å bruke ei grøn hue er ein humoristisk måte å nærme seg nokon på, og terskelen er låg. På Vinjerock var det mange som gjekk rundt med grøne huer, fortel ho.

Virkar det, tru?

– Foreløpig har vi ikkje fått inn nokon statistikk.

Ho ler.

– Men eg merka jo sjølv når eg gjekk med hua, at eg fekk nikk og blikk.

Mari synest at fjellet er ein perfekt stad for å møte ein livspartnar. Her finn ein folk med felles interesser. Og så skjer det noko med oss, der ute.

– Vi nordmenn blir litt meir frilynte når vi er til fjells. Ein treng ikkje flytte seg langt før ein snakkar med nokon, om kvar ein har vore, eller om kvar ein skal.

Sjokolade på deling
Den badeglade vossingen på berget ved Ulsrudvann har sikkert sjarmert meir enn éin mann i sitt liv. Men enn så lenge bruker ho den grøne hua med eit smil, i påvente av å møte han som passar best for akkurat henne. Og kven er eigentleg dét?

– Han må heilt klart vere glad i å gå i fjellet og vere ute. Og sidan eg har lyst til å busetje meg på Voss, må han gjerne kunne tenkje seg å bu der. Men det går litt hand i hand, tenkjer eg. Er han glad i fjellet, har han sikkert lyst til å bu på Voss.

Parallellt med å dele ut grøne huer, har Mari også fronta Turistforeningens nye Fjellsjekkereglar. Dette er ei lett omskriving av Fjellvettreglane, og Mari er særleg glad i regel nummer fem: «Ta alltid med rikelig tursnacks som kan deles. Veien til hjertet går ofte gjennom magen.»

– Eg veit korleis det er å vere utmatta på ein fjelltopp. Viss nokon då kjem og tilbyr meg sjokolade, vil denpersonen stå høgt i kurs. Eg er svak for «bensin», som pappa kallar det, ler ho.

Sjølv har Mari Stephansen alltid med litt ekstra sjokolade i sekken. For kven veit? Kanskje er det også ein annan som drøymer om ein sjokoladebit, når han har kava seg heilt til topps.

Fakta:
Namn: Mari Stephansen
Alder: 31
Sivilstatus: Singel, brukar grøn hue
Bur: Oslo
Yrke: Kommunikasjonsrådgjevar
Aktuell: Nytilsett kommunikasjonsrådgjevar i Turistforeningen (DNT). Har fronta DNTs singelkampanje med grøne huer og Fjellsjekkereglar

 

Share on FacebookEmail this to someone