Brannmenn og ambulansefolk ventar bak eit hushjørne (illustrasjonsfoto)

Å kome først

Redningsmann Pål-Christian Nesfossen forhandla med drapsmannen på Årdalsekspressen. Lege Stephen Sollid redda ungdommar ved Utøya. Begge vart bedde om å trekkje seg ut for å sikre seg sjølve – men dei gjorde det ikkje.  

Publisert i Magasinet Plot, våren 2015 (illustrasjonsfoto: Silje Pileberg)

Han stod nede ved fjorden i Lærdal då alarmen gjekk, var i ferd med å løfte ein slagramma pasient over i helikopteret. Ein rutinejobb, på det som til no hadde vore ein rutinedag. Den høge, velkjende pipelyden braut inn i novemberettermiddagen. Det hadde skjedd ei ulykke.

Dei var ein fem minutts flytur frå ulykkesstaden. Pasienten på båra var stabil, og kunne ta turen til Bergen på hjul i staden for i lufta. Dei let det bli slik.

Han ante ikkje at han snart skulle stå ansikt til ansikt med ein trippeldrapsmann.

I helikopteret oppover mot Årdal veksla Pål-Christian Nesfossen og dei to kollegaene frå luftambulansen berre få setningar. Nokre handla om veret: Tåka hang tungt ned i fjella, flyforholda var vanskelege. Dei snakka også litt om kva som kunne tenkast å vente dei. Ein buss hadde køyrt utfor vegen, og ein person var medvitslaus. Dei var på veg mot ei ulykke.

Ingen av dei tre, heller ikkje redningsmann Nesfossen, kunne ane kva som venta. Han ante ikkje at kvelden skulle bringe den verste opplevinga han nokon gong hadde hatt. Og han ante ikkje at han snart skulle stå ansikt til ansikt med ein trippeldrapsmann.

Kvart år har Norsk luftambulanse rundt 6.000 utrykningar. Bilambulansane har om lag ein halv million. Ofte handlar det om sjukdom, eit illebefinnande. Andre gonger er det ulykker. Nokre gonger er det kriminelle handlingar.

Og ein sjeldan, sjeldan gong, heilt utan førevarsel, hender det noko som rystar eit heilt lite land. Som når to tilfeldige busspassasjerar stig på ein buss i ein fredeleg liten avkrok, for ikkje lenge etterpå å bli brutalt drepne, saman med sjåføren.

Dei heldige av oss får det med seg frå avstand. Men nokon får det så altfor nært innpå. Og nokre står midt i det heile, i raude og svarte uniformer: dei som skal redde oss – men som også skal redde seg sjølve.

Vel to år tidlegare, 22. juli 2011, hadde legen Stephen Sollid to dagar att av ei sjukmelding då det peip inn ein sms frå luftambulanseavdelinga ved Oslo Universitetssykehus. Han måtte på jobb, det hadde skjedd ei krisehending. Han undra seg: Var det ei øving? Noko han ikkje hadde fått med seg? Så gjekk han til pc-en og las om bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet. Sollid friskmeldte seg der og då.

Det var likevel ikkje Regjeringskvartalet som skulle bli oppdraget hans denne dagen. Helikopteret skulle passere i lufta rett over katastrofen i Oslo sentrum og han skulle berre kike ned, før han flaug vidare til ein enda større tragedie på Utøya.

Helikopteret landa ein fem minutts køyretur frå stranda i Utvika. Der måtte helikoptermannskapet over i ambulansebilar. Men køyreturen skulle ta lenger tid enn Sollid hadde trudd. Fleire gonger fekk dei beskjed om å stoppe, for stranda måtte sikrast av politiet.

Å gå inn for å redde andre, eller å stå utanfor for å passe på seg sjølv, er eit stort val å ta. Etter 22. juli 2011 skulle politiet få krass kritikk av Gjørv-kommisjonen, som meinte at ein raskare politiaksjon hadde vore muleg: Mellom anna burde dei politimennene som kom først fram, ha forsøkt å stanse massakren, meinte kommisjonen – ei oppfatning som seinare skulle møte motstand. Helsedirektoratet påpeika i 2012 at manglande tilgang til skadestaden var det som mest sette grenser for helsetenesta si evne til å hjelpe. Det tok nemleg tid for politiet å sikre området.

Kritikken skulle bidra til nye rutinar for nødetatane sitt samvirke ved pågåande livstrugande vald (Plivo) i Noreg. Plivo skal etter planen innførast i heile landet i 2015, og rutinane skal sikre ein raskare respons frå nødetatane.

Retningslinjene legg opp til at politiet skal gå direkte i innsats utan å vente på andre politieiningar. Ambulanse- og brannpersonale kan gå nærare gjerningspersonen enn tidlegare; inn i ei såkalla «warm zone», medan politiet har kontroll på gjerningspersonen i «hot zone». Og er ikkje politiet komne fram, skal ambulanse- og brannpersonell sjølve vurdere om dei kan setje i verk tiltak mot gjerningspersonen, dersom dette kan avgrense skadeomfanget. Unntaket er når skytevåpen er inolvert.

Det var Geir Kjørum og Reidar Bjerke, to Tønsberg-menn, som hadde kome først fram til bussen. Dei var på veg til eit seminar i Sogndal då dei såg han stå skrått i vegbana, med venstre bakhjul på ein murkant. Lysa var på, og motoren rusa.

Det tok berre nokre få, korte sekund frå ein mann og ei kvinne klarte å opne bakdøra og kome seg inn, til dei kom springande ut igjen. Han har våpen, ropte dei, og alle som stod rundt bussen fòr kvar til sitt.

Først tenkte dei at det hadde skjedd eit uhell. Så gjekk dei fram til bussen og såg sjåføren gjennom framdøra, han låg i trappesatsen. Dei kjende pulsen stige. Kjørum gjekk til bilen for å få mobildekning, ringde nødnummeret og forklarte at det hadde skjedd ei ulykke.

Fleire bilar begynte å kome til. Medan Kjørum streva med å halde kontakta med operasjonssentralen på grunn av stadige avbrot, prøvde andre å kome seg inn i bussen. Nokre leita etter døropnarknappar på utsida, og éin forsøkte å knuse seg inn med ein stein. Men noko var pussig, syntes Reidar Bjerke. Han hadde fått auge på ein person på innsida, og gestikulerte kraftig for få han til å opne innanfrå. Dei hadde augekontakt, men personen gjorde ingen forsøk på å opne.

Det tok berre nokre få, korte sekund frå ein mann og ei kvinne klarte å opne bakdøra og kome seg inn, til dei kom springande ut igjen. Han har våpen, ropte dei, og alle som stod rundt bussen fòr kvar til sitt. Geir Kjørum sat i bilen og såg Reidar Bjerke kome springande med store steg.

La oss spole attende enda nokre år, til 2003, og flytte oss til vårt naboland i aust. Gøteborgs innbyggjarar var på denne tida vitne til stadig hyppigare skyteepisodar. Det same var ambulansepersonalet. Ved eitt tilfelle gjekk ambulansemannskapet inn saman med politiet for å ta hand om pasientane. Men gjerningsmannen kom attende og skaut ein gong til. Ein av mannskapet vart treft.

«Mange spør oss kvifor vi ikkje går fram og inn i valdssituasjonane. Det er fordi vi tenkjer på oss sjølve først. Pasienten er nummer to.»

Lennart Johansson

Ambulansearbeidaren overlevde, men eit stort spørsmål festa seg, nemleg korleis ambulansepersonalet kunne handtere skyteepisodane. Lennart Johansson leia på den tida Gøteborg-ambulansens trugsel- og valdsgruppe.

– Vi handla litt i blinde. Politiet hadde nettopp fått skotsikre vestar, og vi bestemte oss for å bestille tjue slike vestar til ambulansepersonalet, til bruk i situasjonar der vi gjekk inn saman med politiet, seier Johansson.

Vestane skulle likevel sjeldan bli brukt. Og med tida skulle Gøteborg-ambulansen gå heilt bort frå bruken av dei. I dag går dei, som ambulansepersonell i Noreg, aldri inn i skyteepisodar. I Gøteborg går dei heller aldri inn i slagsmål eller situasjonar der det brukast kniv.

– Det er ikkje oppgåva vår å vere i slike miljø. Erfaring har vist oss at det ikkje blir så bra. Går vi inn når det er uroleg, kjem skuldspørsmålet raskt opp. «Han slo meg,» og så vidare. Men vi vil berre hjelpe den som er skada. Det blir krevjande for oss, seier Johansson.

I staden stiller dei seg eit kvartal derifrå, slik at ingen på skadestaden ser dei. Er dei for nære, vil folk kome springande fram for å hente dei.

– Mange spør oss kvifor vi ikkje går fram og inn i valdssituasjonane. Det er fordi vi tenkjer på oss sjølve først. Pasienten er nummer to. Gjer vi det ikkje slik, kan personalet bli skada og ute av stand til å ta hand om pasienten, seier Johansson.

Sjølv om det skulle virke trygt, kan ein aldri vere sikker på at ein klarer det, meiner han.

– Det veit ein ikkje før ein er framme. I 90 prosent av tilfella går det bra, men iblant går det ikkje bra.

Brannmann Inge Steinheim var ikkje i tvil om kva han skulle gjere då han og kollegaene kom fram. Ein liten prat med nokre vitne, eit blikk inn gjennom frontdøra i bussen, og han skjønte raskt kva som måtte gjerast. Operasjonssentralen hadde sagt at dei ikkje måtte gå inn i bussen, men likevel tok han eit steg inn bakdøra. Han måtte gjere det han kunne for å kome inn til dei andre i bussen. Ønska seg eit overblikk. Men mannen på bussen retta kniven mot han.

Pål-Christian Nesfossen var framleis overtydd om at dei var på veg til ei ulykke. For sjølv om meldingane frå operasjonssentralen vart oppdaterte, og det vart sagt at ein mann med kniv var observert, heldt han fast ved det første biletet han hadde danna seg …

Steinheim bad mannen kome ut, forsøkte å lokke han ved å seie at politiet ikkje var der. Gjerningsmannen svarte med roleg stemme, heile tida med kniven i handa. Inge Steinheim var ikkje redd. Dei stod litt over ein meter frå kvarandre.

– Du går langt for å redde liv, altså. Det gjer du, seier han i dag.

– Lengre enn publikum?

– Ja, vi gjer igrunn det. Det er vel litt naturen i oss. Vi går inn i bygningar når det brenn, vi går inn der det er behov for oss. Politiet, dei… det er lange avstander her på Vestlandet. Som regel er det vi som er først på plassen uansett, seier han og legg til:

– Vi burde kanskje ha halde avstand. Men du gjer ikkje det då, veit du.

Medan Inge Steinheim stod ein meter frå drapsmannen, sat Pål-Christian Nesfossen i ein ambulansebil med blålys. Véret var dårleg, og dei hadde måtte landa helikopteret eit stykke unna og køyre dei siste kilometrane på hjul. Han var framleis overtydd om at dei var på veg til ei ulykke. For sjølv om meldingane frå operasjonssentralen vart oppdaterte, og det vart sagt at ein mann med kniv var observert, heldt han fast ved det første biletet han hadde danna seg, og justerte litt utifrå det. Ein mann med kniv… kanskje var han skada og forvirra? Eller kanskje han ville han hjelpe nokon som sat fast? I aller verste fall, kunne det vere ein som hadde planar om å skade nokon.

Det låg to eller tre ungdommar på stranda då Stephen Sollid kom ned. Ein lege som hadde kome like før, stod bøygd over ein pasient. Han var vill i blikket. Dei hadde fått vite at det var 700 påmeldte til AUF-leiren, og at opp mot 50 var skotne til no.

– Det var som å gå i skogen når det er mørkt, og ikkje vite kva som er bak ryggen din. Eg visste ikkje kva som kom, fortel Sollid.

Vi møter han på ein kafé i Lillestrøm. Han fortel om 22. juli 2011 utan ei tåre i augekroken, utan å måtte stoppe opp for å samle seg. Det var den mest dramatiske dagen i livet hans, men han har snakka mykje om det etterpå.

Han fekk eit spørsmål slengt i ansiktet, av to ungdommar som var sinte: «Kvifor er de ikkje ute på øya?» Sollid hadde berre eitt svar å gje: «Vi får ikkje lov».

Han fortel om kjensla av ikkje å ha kontroll. Om å vere ein erfaren anestesilege som skulle leggje ei nål inn i blodåra til ei kvinne, men kvinna var for kald, og han fekk det ikkje til. Han vart rådvill og tenkte: Kva no?

– Normalt ville eg ha undersøkt henne. Men eg var berre opptatt av å få folk unna, fortel han.

Sollid tok sjølv initiativet til å prioritere ungdommane som kom inn med båtar, slik at dei som trong det mest, skulle få legehjelp. Det var medan han heldt på med dette at han fekk eit spørsmål slengt i ansiktet, av to ungdommar som var sinte: «Kvifor er de ikkje ute på øya?»

Sollid hadde berre eitt svar å gje: «Vi får ikkje lov».

– Eg følte meg hjelpelaus og dum. Skamfull. Eg hadde hatt lyst til å reise ut på øya, og dette la lodd på skåla, seier han.

For det kjendest ikkje rett for Stephen Sollid, med tolv års erfaring frå livredning, å stå der og sjå på at campingturistar tok til båtane og reiste ut, medan han sjølv ikkje fekk lov.

– Det er ein slags innebygd… ryggmargsrefleks som vi har, å ønske å kome så nært som muleg dei som er skadde. Eg følte at eg stod der og var avhengig av sivile. Dei utsette seg for meir risiko enn eg. Dei gjorde min jobb.

Då Pål-Christian Nesfossen kom fram til bussen, stussa han litt. Bussen såg nemleg ikkje skada ut. I staden stod han der, heil og kvit og fin, medan bokstavane «Fagernes – Oslo» lyste frå øvst i frontruta og ut i den mørke, tåkelagde kvelden. Rundt bussen stod nokre ambulansefolk, åtte-ti brannmenn og ei lita klynge tilskodarar.

Det var først når to brannmenn hadde knust ruta inn til bussjåføren, og Nesfossen og legen hadde røska i kroppen som låg i trappesatsen, at han verkeleg forstod kva dei stod overfor. Umiddelbart snudde han seg mot bakdøra, der ein brannmann stod med ei lang jernstang i hendene. På innsida stod gjerningsmannen, med ein blodig kniv. Noko inni han gjorde at han ikkje var i tvil: Han måtte hjelpe til med å få kontroll på gjerningsmannen.

Pål Nesfossen. Foto: Kim Søderstrøm

Pål-Christian Nesfossen. Foto: Kim Søderstrøm

– Etterpåklokskap er den dummaste klokskapen som finst, seier Nesfossen, der han sit ved kjøkkenbordet sitt heime på Askøy utanfor Bergen.

– Når fasiten ligg på bordet, er det sjølvsagt lett å seie kva som skulle vore gjort. Men det er eit scenario som ikkje er reelt. Når du er i situasjonen, må du ta ei avgjerd ut frå det du veit der og då.

Medan sonen på fem og dottera på sju leikar i kjellaretasjen, tenkjer han seg attende til novemberkvelden i 2013, då han brått skulle stå i ei hending som var milevis unna det han hadde venta seg.

Han nærma seg den bakre bussdøra, der brannmann Inge Steinheim heldt gjerningsmannen i sjakk med ei jernstang. På kvar si side av døra stod to andre brannmenn, med slagreiskapar i hendene. Nesfossen følte det som sitt ansvar å gå inn i situasjonen.

Pål-Christian Nesfossen var ikkje redd, berre veldig fokusert, då han gjekk og stilte seg ved sida av brannmann Inge Steinheim. For første gong i livet sitt stod han ansikt til ansikt med ein drapsmann med kniv.

– Eg hadde tjue års erfaring frå ambulansetenestene, og fleire år i psykiatrien. Eg visste korleis ein snakkar til ein psykisk ustabil person, seier han.

Han tenkte at dei ville klare det. Gjerningsmannen var inga slosskjempe, men ein normalt bygd mann, som berre hadde éi dør å forlate bussen gjennom. Sjølv var Nesfossen i god form, og dei var mange brann- og ambulansefolk på staden. To stod på sidene av døra, klare til å slå, og to stod klare med brannslukkingsaparat og blendelampe eit par meter unna døropninga.

Pål-Christian Nesfossen var ikkje redd, berre veldig fokusert, då han gjekk og stilte seg ved sida av Inge Steinheim. For første gong i livet sitt stod han ansikt til ansikt med ein drapsmann med kniv.

Spørsmålet frå dei sinte ungdommane, om kvifor han ikkje var ute på øya, hadde gått inn på Stephen Sollid. Han følte sterkt at han burde ha vore der ute. Men han hugsar at han gjekk bort til ei polititenestekvinne og spurte om han kunne få lov. Svaret var eit kontant «nei», før ho la til, «og dessutan må vi nok evakuere her òg». Politiet hadde nemleg funne bilen til gjerningsmannen like rundt svingen, og det kunne vere ei bombe der.

Sollid vart ikkje redd. Han hugsar heller at han vart oppgitt, tenkte «det også, skal eg ikkje overleve, eg heller». Men å sleppe det han hadde i hendene, og springe derifrå? Det fall han aldri inn. Han trøysta seg med at om den bomba skulle gå av, ville han ikkje merke så mykje til det. Det ville vere fort over.

«Vi må iallfall få unna dei som er her først,» sa han til politikvinna.

Så heldt han fram med arbeidet sitt.

Pål-Christian Nesfossen veit ikkje kor mange gonger han, på engelsk og med roleg stemme, bad gjerningsmannen om å leggje frå seg kniven. Heile tida fekk han eit «yes» til svar, utan at noko skjedde. Han opplevde mannen som kald; han snakka som om dei hadde ein vanleg kaffisamtale. Ute av balanse, tenkte Nesfossen.

Han hadde fått vite at det var fleire enn sjåføren om bord i bussen. Lynraskt hadde han endra fokus. No gjalt det ikkje berre å halde gjerningsmannen i sjakk, han måtte også få han til å kome ut, så dei kunne overmanne han. Men svaret var stadig berre «yes», og ingenting meir skjedde. Minutta gjekk.

«Vi ante ikkje kva vi stod overfor før vi stod midt oppi det. Og då var det for seint å trekke seg unna. Å forlate bussdøra var ikkje eit alternativ.»

Pål-Christian Nesfossen

Nesfossen fekk ikkje med seg mykje av det som skjedde rundt. Han kan i dag ikkje seie kor mange sivile som stod og såg på eller kva lydar som kunne høyrast rundt han. Han hugsar at det var stille, at han vart stadig meir kald, at tåka vart tettare og at det innimellom kom beskjedar frå brannmennene som kommuniserte med operasjonssentralen. Og at den eine brannmannen på eitt tidspunkt vidareformidla ein uventa beskjed: Dei måtte trekkje seg attende, og sperre staden.  

Nesfossen ler ein kort latter, der han sit ved kjøkkenbordet sitt.

– Det er den mest idiotiske meldinga eg nokon gong har fått, konstaterer han.

I situasjonen han var i, opplevde han det som komisk. Dei hadde jo ingenting å sperre av med. Og skulle det stå igjen sivile personar og handtere denne saka, medan dei uniformerte gjekk til bilane sine og køyrde vekk derifrå? Det hadde vel ikkje tatt seg ut.

– Men kva med å få alle saman vekk, også publikum?

– Ja, kva då? Så han kunne springe ut i skogen med kniven? Då hadde vi ikkje hatt kontroll på denne personen, ein livsfarleg massemordar. Denne situasjonen… vi ante ikkje kva vi stod overfor før vi stod midt oppi det. Og då var det for seint å trekke seg unna. Å forlate bussdøra var ikkje eit alternativ.

– Det var ikkje noko val?

– Nei. Eigentleg var det ikkje det.

Den britiske forskaren Tom Cockroft skriv om ei ny utvikling hos politiet i Storbritannia, nemleg at dei stadig oftare har blitt skulda for ikkje å ville ta risiko. Polititenestemenn blir i større grad enn tidlegare styrte av reglar og retningslinjer.

Det er ei utvikling som kanskje ikkje gjeld berre politiet. Og utviklinga kan få ekstreme konsekvensar: som då britisk ambulansepersonell såg ein person liggje og flyte opp-ned i ein dam. Dei kunne ikkje iverksetje redning, for vatnet var over ein meter djupt.

– Slike paradoksar har vi heile tida. Vi blir litt for regelorienterte nokon gonger, seier førsteamanuensis Bjørn Tallak Bakken ved Høgskolen i Hedmark. Han meiner at det var dette vi såg på Utøya, 22. juli 2011.

– Politiet som kom først til staden valde å følgje regelverket, som vektlegg tenestemennene sin tryggleik. Samtidig hadde du ei rekke frivillige som reiste over med båtane sine. Dei følgde kjensla som sa at her måtte noko gjerast raskt for å redde dei som trong hjelp.

I HMS-handboka til politi- og lensmannsetaten hadde det sidan 2007 stått at dei tilsette si helse, miljø og tryggleik skulle prioriterast framfor operative forhold. Dette stod trass i at politilova pålegg politifolk ei handleplikt. I 2012 vart ordlyden i HMS-handboka endra: Helse, miljø og tryggleik skulle frå då av vurderast i forhold til handleplikta, men det skulle ikkje lenger prioriterast framfor operative forhold.

Dei nye Plivo-prosedyrane, som skal sikre ein raskare respons frå nødetatane under pågåande livstrugande vald, er til dels ein konsekvens av 22. juli. Med Plivo håper ein hjelpa skal kome fram raskare enn det ho gjorde denne dagen.

Stephen Sollid underviser rett som det er ambulansepersonell. Tidlegare var han svært tydeleg på at eigen tryggleik alltid kjem først. Men noko har endra seg i han etter 22. juli.

– Eg tenkjer ikkje slik no lenger. I enkelte situasjonar er det ein dynamikk som du må ta stilling til der og då. Du må gjere ei eiga vurdering i kvar situasjon, seier han.

Han er glad for at dei nye retningslinjene opnar opp for dette.

– Kvifor har du endra haldning?

– Eg har erfart å vere hjelpelaus og sjå, utan å kunne gripe inn.

Etter 22. juli har han tenkt mykje på det han gjorde. Og på det han ikkje gjorde. Han hugsar det brennande ønsket om å reise ut på øya. Tanken om at «politiet er jo der, dei vil passe på». Tunnelsynet, som han kallar det.

– Når du jobbar i eit omsorgsyrke, har du ei grunnleggande haldning til at du vil hjelpe. Samtidig skal du passe på deg sjølv. Desse to kan kome i konflikt, og ønsket om å hjelpe blir så sterkt at du får tunnelsyn. Du mistar oversikta, seier han.

For alle menneske endrar seg under stress. Kroppen, kjenslene, åtferda og tankane våre – alt endrast. Ein av konsekvensane er at vi unngår å leggje merke til ting rundt oss.

– Å fokusere på det viktige er i utgangspunktet positivt. Men det kan tippe over. Får vi tunnelsyn, kan det kan gå ut over evna til å gjere gode vurderingar, seier Evelyn-Rose Saus, psykologiforskar ved Universitetet i Bergen.

I slike tilfelle kan sjølv den mest erfarne ambulanselege tenkje tankar som at «politiet er jo der, dei vil passe på» – ein tanke han i godstolen heime ville skjønt var uferdig. Politiet skulle sikre ei heil øy. Dei hadde nok å passe på.

Pål-Christian Nesfossen hadde stått utanfor bussen og forhandla med gjerningsmannen i over ein halv time. Politiet hadde enno ikkje kome fram.

Gjerningsmannen la frå seg kniven igjen, og skritta ut av bussen. Han kom mot Nesfossen med sjølvsikker gange.

Det einaste han ønskte, var å kome seg inn i bussen. Men han kunne ikkje gå inn før gjerningsmannen var tatt hand om. Så såg han plutseleg mannen gå eit trinn ned, leggje frå seg kniven og sjå på dei som står utanfor. «Han legg frå seg kniven…», sa Nesfossen. Og så: «No tar han opp kniven igjen…». Han hadde nervane i høgspenn. To brannmenn stod framleis på kvar si side av døra, klare til å slå – i hovudet, viss mannen kom ut med kniven i handa.

Gjerningsmannen la frå seg kniven igjen, og skritta ut av bussen. Han kom mot Nesfossen med sjølvsikker gange. Det vart nokre nervepirrande sekund. Nesfossen kom seg rundt og bak og tok tak rundt livet hans. Frå sidene kom to andre ambulansearbeidarar inn. Dei prøvde å leggje han i bakken, men han stritta imot. «Eg må springe han overende», tenkte Nesfossen og tok sats. Akkurat då traff pulver frå brannslukkingsapparatet både gjerningsmannen, Nesfossen og dei to andre ambulansearbeidarane. Dei mista kontrollen, og for første gong denne novemberkvelden vart Pål-Christian Nesfossen redd.

Så gjekk dei alle i bakken.

Redningsaksjonen i Årdal skulle bli ståande som eit lysande eksempel. Brann- og ambulansepersonell overmanna ein drapsmann ved hjelp av samtalens kunst og handemakt.

Dei tok på seg politiet sin jobb, og dei klarte det.

Det dei ikkje klarte, var å redde liv. Like etter at gjerningsmannen var tatt hand om, sprang Pål-Christian Nesfossen og to legar inn på bussen. Dei håpte å finne nokon som trong hjelp. Men det dei fann, var tre menneske som hadde døydd momentant – som hadde vore på feil stad til feil tid, og som umuleg kunne ha blitt redda. Pål-Christian Nesfossen vil aldri gløyme det han såg.

Dei som jobbar med å redde liv, veit at ingen situasjonar er like. Årdal-aksjonen kunne gjennomførast i akkurat den situasjonen, med akkurat det mannskapet. Gjerningsmannen hadde ingen fluktmulegheiter, ingen gøymestader, ingen skytevåpen. Nokre av mannskapet, deriblant Nesfossen, hadde ei erfaring som gjorde dei i stand til å ta gode vurderingar. I ein situasjon som var litegrann annleis, kunne resultatet av aksjonen ha blitt fatalt.

Meiningane om dei nye Plivo-retningslinjene er delte. Mange applauderer, andre er skeptiske. Ola Yttre, leiar for Yrkesorganisasjonen som organiserer 3.000 ambulansefolk, høyrer til siste gruppa. Han meiner at Plivo vil krevje ei omfattande opplæring og at retningslinjene, kombinert med nedbygginga av politidistrikta, gjer at ansvaret i valdssituasjonar flyttast.

– Du har mange ambulansefolk med god og lang erfaring, som ikkje vil gå inn. Så har vi også ivrige, unge ambulansefolk som ikkje ser alle konsekvensane, meiner han.

Yttre skisserer følgjande scenario: Tenk om noko skjer på ein skule. Så kjem ambulansen først, og skal vurdere situasjonen. Dei ser ein person som blør innanfor vindauget, men dei ser ingen gjerningsmann, og vurderer det så til at dei ikkje tør å gå inn. Utgangen blir tragisk: Skuleeleven døyr, og fire timar etterpå kjem det fram at gjerningsmannen var langt unna.

– Kven må stå til rette da, spør Ola Yttre.

Nesten uansett kven ein snakkar med, er det eitt stikkord som går igjen: Øving. Men skal ein lære opp alle i nødetatane til å vurdere trugande situasjonar, kan det fort bli ein dyr affære. Justis- og beredskapsdepartementet har ikkje løyvd eigne midlar til Plivo-øvingar i 2015.

– Generelt er det ikkje slik at det følgjer friske midlar kvar gong det utarbeidast nye retningslinjer. Det blir opp til nødetatane å prioritere kva som skal øvast innan gjeldande budsjettrammer, seier statssekretær Hans J. Røsjorde.

Nokre stader har det blitt øvd allereie. I 2014 vart det gjennomført Plivo-øvingar på Austlandet, der brann-, ambulanse- og politimannskap tok del. Enkelte helseføretak tar også eigne initiativ, uavhengig av Plivo. Helse Bergen tok grep etter at personale på psykiatriambulansen meldte at dei følte seg utrygge på jobb. Etter å ha utreia situasjonen konkluderte helseføretaket med at dei, i staden for å kjøpe inn personleg verneutstyr, ville kurse alt personalet i å forstå potensielt farlege situasjonar.

Ifølgje Atle Frøberg, operativ leiar ved Prehospitalt senter ved Oslo Universitetssykehus, er målet å lage ein nasjonal standard for Plivo-øvingar, med regionale instruktørar. Han trur politidistrikta, regionale brannvesen og helseføretaka sjølve vil måtte ta rekninga.

Ein time etter at Stephen Sollid hadde kome til stranda i Utvika, tok han og nokre kollegaer seg over til Utøya. Dei trassa ordre: Tryggleiken var enno ikkje klarert, det kunne vere både fleire gjerningsmenn og sprengstoff på øya. Så sat dei ei stund i skjul bak i båten før politiet sin innsatsleiar ga signal om at dei kunne kome i land. Dei måtte arbeide i eit hus nede i bakken. Det var ikkje så mange skadde som kom dit, berre ei gruppe med fire ungdommar. I staden var det politiet som gjorde det meste av sanitetsarbeidet på øya.

Synet av rundt hundre ungdommar som kom marsjerande på rekke med hendene over hovudet, skulle brenne seg fast. Alle var i utgangspunktet mistenkte. Sollid og kollegaene undersøkte om dei var skada. Han hugsar at mange var tomme i blikket. Andre gret, og nokre snakka saman; spurte om nokon hadde sett han og han. «Nei, han er skoten og død».

Men mesteparten av tida sat Sollid og venta. Han ønska heile tida å kome ut, ut til dei som kanskje kunne liggje der og vere i live. Han og kollegaene bad politiet om lov, igjen og igjen. Men svaret var nei, heilt fram til halv eitt om natta. Dei hadde då lite håp om å finne overlevande, og gjorde det heller ikkje.

Stephen Sollid har sett mange døde menneske. Men 22. juli overgjekk alt. Talet, alderen, settingen… tre og eit halvt år etter hugsar han framleis alle han såg.

«For meg var det ikkje heltemodig, det vi gjorde. Vi fokuserte på pasientane. Eg er litt flau over at det har blitt ei sak.»

Stephen Sollid

Hadde han kome i ein identisk situasjon igjen, og samtidig visst det han veit i dag, ville han ha brote rutinane og reist ut til øya på eit tidlegare tidspunkt, trur han. Men når ein er i situasjonen, kjenner ein aldri alle fakta.

– Kvifor evakuerte du ikkje då du vart beden om det?

– Trugselen var ikkje så direkte, og vi følte at vi kun hadde eitt val, nemleg å vere hos ungdommane. I bakhovudet hadde eg tanken om at vi må rydde opp her, kome oss vekk. Men står du der med ein pasient, er han ditt ansvar. Ein har oppretta ei emosjonell binding, seier han og legg til:

– For meg var det ikkje heltemodig, det vi gjorde. Vi fokuserte på pasientane. Eg er litt flau over at det har blitt ei sak.

Han trur at mange redningspersonar som vel ikkje å gripe inn, føler skuld i etterkant.

– Sjølv om avgjerda der og då sikkert var riktig, vil du etterpå sitje med veldig mykje meir informasjon. Folk vil lettare dømme deg. Dei vil vite meir enn du visste. Ein skal vere audmjuk for andre sine avgjerdsler.

Stephen Sollid er glad for dei nye retningslinjene, men han trur også at dei kan føre til høgare forventningar, både frå publikum og kollegaer.

– Mange har sagt at dei fryktar høgare forventningar. Vi må vere veldig obs når dette blir innført og lage ein kultur der det er greit å seie nei.

Mang ein gong etter 22. juli har han tenkt på at han kanskje kunne ha redda nokon til. Hadde han berre vore der litt før, gjort sånn i staden for slik… Det ligg der, i bakhovudet hans.

Hjelpemannskapet gjekk inn i noko dei ikkje visste kva var. Og når dei først var komne inn, var det ingen lettvint måte å kome ut igjen på.

I jobben som redningsmann i Norsk luftambulanse har Pål-Christian Nesfossen opplevd mykje. Det meste gløymer han relativt raskt. Men nokre hendingar slepp aldri taket. Årdal er ei av dei.

Sjølv om han hadde lang erfaring, sjølv om han var van med både ulykker, vald og psykiatri, vart han merka av det som skjedde denne novemberkvelden.

– Det vart nesten som å dumpe oppi ei trafikkulykke for kven som helst, seier han.

Hjelpemannskapet gjekk inn i noko dei ikkje visste kva var. Og når dei først var komne inn, var det ingen lettvint måte å kome ut igjen på.

I ettertid har mange fortalt han kva som burde ha blitt gjort. At dei burde brukt brannslangen mot gjerningsmannen, eller at dei burde ha trekt seg ut.

Ville han sjølv ha gjort noko annleis, om han opplevde det same igjen? Nei, han trur ikkje det.

Men han veit at kvelden i Årdal kunne ha enda heilt annleis for hjelpemannskapa om berre éin faktor vart endra: om gjerningsmannen hadde hatt skytevåpen, eller om mannskapa hadde hatt mindre erfaring. Og det kunne like gjerne ha vore slik. For éin ting skil dei som arbeidar i nødetatane frå andre: Dei får ikkje velje oppdrag.

Share on FacebookEmail this to someone