Stemma frå Senja 

Han vaks opp to hundre meter frå fjøra og sytti meter frå fjellet, og han er framleis i naturen nesten kvar helg. Men han lar seg ikkje inspirere der ute. 

Publisert i Fjell og vidde, hausten 2016 (pressefoto: Jørgen Nordby)

– Mange trur at artistlivet er å stå på scene og ha det kult. Men det er mange timar i bil, og mange dagar framfor PC-en. Eg kjenner meg alltid litt innestengd.

Pål Moddi Knutsen (29) sit på berga ved Frysjadammen i Oslo. Håret står til alle kantar, som vanleg. Ullgenseren er på, som vanleg. Og sykkelen står parkert like der borte, som vanleg. Noregs mestturnerande artist kan lett framstå som ein syklande raddis, som vil det beste for verda og det verste for kapitalismen.

Men han er meir enn det. Med ei lågmælt stemme og vakre melodiar har han sunge seg inn i hjarta til eit internasjonalt publikum. I 2013 fekk han Spellemannsprisen i kategorien visesong. Og i haust lanserte han si tredje plate, der han set si eiga form på tolv forbodne songar, nokre av songane er menneske blitt drepne for.

moddi-pressefoto-av-jorgen-nordby-2

– Som artist er du tvungen til å vere midt i hjartet av ein by nesten kvar dag. Men eg er ute alt eg kan. Kvar helg prøver eg å kome meg ut i skogen. Eg blir sjuk viss eg ikkje gjer det. Ulykkeleg, seier Pål Moddi Knutsen.

Er ute så ofte han kan
Det er første gongen Moddi har bevega seg over i det forbodne. Dei tidlegare platene hans har handla om heilt andre ting. Ein av låtane han er mest kjend for, er «House by the Sea», som han skreiv sjølv, to dagar før han skulle flytte frå studentmiljøet i Bø i Telemark i 2012. Det kunne jo vere hans eigen barndomsheim han sikta til. For ytst i havgapet på Senja vaks han opp, med to søsken, ei mamma, ein pappa, ein båt og mange fjell.

Han var alltid i gang med noko, som regel utandørs. Han gjekk i skogen, på fjellet, var i fjøra eller i båt, fiska ørret i innlandsvatna og dyrka mat utanfor huset. Familien hadde potetjord og ein liten jordbærflekk.

– Eg saknar det litt. Som artist er du tvungen til å vere midt i hjartet av ein by nesten kvar dag. Men eg er ute alt eg kan. Kvar helg prøver eg å kome meg ut i skogen. Eg blir sjuk viss eg ikkje gjer det. Ulykkeleg.

Eg trur at unge artistar i dag tar meir vare på seg sjølv enn for tjue år sidan. Den gongen var det sytten kasser sprit og alle var fulle kvar kveld. No er artistar ganske vakne og oppegåande.

Når han er på reise, som han er 150 dagar i året, er han sjeldan interessert i storbyane han besøker. Er han derimot på landet, må han og bandet ut og sjå seg om. Dei er heilt samstemte.

– Då vi var på Vega i fjor sommar, måtte vi på toppen av fjellet. Og då vi var i Molde, måtte vi til topps i Romsdalsalpane. Eg trur at unge artistar i dag tar meir vare på seg sjølv enn for tjue år sidan. Den gongen var det sytten kasser sprit og alle var fulle kvar kveld. No er artistar ganske vakne og oppegåande. Og vi bryr oss litt meir om omverda.

Ein som bryr seg
Mor til Pål Moddi Knutsen er full av lovord om sonen sin. Han har alltid gjort inntrykk på henne, fortel ho. Allereie då han som fireåring song på bedehuset, det var noko om teddybjørnar og sprellemenn og ein sjømann, og ho spelte trekkspel, allereie då forstod ho at han hadde noko spesielt.

Han er også ein som bryr seg, kan ho fortelje. Ein som kan sitje ved bordet og spørje og grave om korleis det går med folk. Ein som har brukt mykje tid saman med venner som har vore sjuke. Men òg ein som tidleg begynte å bry seg om verda rundt seg.

Som femåring vart Pål medlem av Blekkulf-klubben. Eit miljøengasjement var tent. I ungdomstida vart han med i Natur og ungdom, samtidig som han begynte å lage musikk. Miljø og musikk har gått hand i hand, heile vegen. I 2010 takka han nei til å bli nominert til Statoils millionstipend. Og i dag, mellom intervju, studioinnspelingar, konsertar og skogsturar, prøver han å fullføre ei masteroppgåve om utslepp i industrien.

Eg hadde ikkje planar om å lage ei slik plate. Engasjementet mitt har handla om miljø.

Løftar fram det forbodne
Og så var det den siste plata, då. «Unsongs».

– Eg hadde ikkje planar om å lage ei slik plate. Engasjementet mitt har handla om miljø. Men eg avlyste ein konsert i Israel i 2014 fordi eg syntest at songane mine, om hus ved havet eller om å ta tog, ikkje hadde noko med ei sånn konflikt å gjere. Så vart eg kontakta av visesongar Birgitte Grimstad, som fortalde meg om songen «Eli Geva». Eg syntest han var for bra og viktig til berre å liggje der.

Songen, som handlar om ein israelsk militærdesertør, vart skriven for Grimstad i 1982. Men då ho turnerte i Israel same år, fekk ho ikkje lov til å framføre han. Over 30 år seinare bestemte Moddi seg for å ta grep. Og slik var eit nytt plateprosjekt i gang, eit prosjekt som mellom anna kan gjere det vanskeleg for han å få innreiseløyve i fleire land.

– Eg risikerer ein del med dette. Etter at plata var ferdig, brukte vi eit år til å førebu oss på å gje ho ut. Men eg tar den støyten, eg synest det er verdt det.

Songane er frå land så ulike som Russland, Mexico, Kina, Palestina, Vietnam, Algerie, Chile, Noreg, England og USA. Mange av tekstforfattarane er framleis i fengsel eller i eksil. Nokre er drepne, som chilenske Victor Jara, mannen bak songen «The Our Worker».

– Jara vende seg til bøndene og gav dei ei kjensle av at dei har rett til å eige landet sitt. Tenk at det er kontroversielt! Her i Noreg er det sjølvsagt annleis, men vi må passe på likevel. Sjå på strandsonelova. Dette landet seljast også, bit for bit. Vi blir ikkje drepne, men kapitalkreftene vinn, uansett.

Vil ikkje berre underhalde
Han verkar litt rastlaus, der han sit på berget. Litt sliten, òg. Og det er det lett å forstå. Intervjuet med Fjell og vidde er dagens fjerde, og nei, han skal ikkje heim og slappe av etterpå, sjølv om klokka blir over fire.

Det er mange som vil ha ein bit av Moddi. Og lovorda lar ikkje vente på seg. «Farlige tanker, storslagen musikk fra Moddi,» skreiv Aftenposten i september, og vidare: «Nordlendingen Moddi er på vei til å bli en betydelig artist som blir lyttet til, ikke bare her hjemme på berget, men langt utenfor landets grenser.»

Han er ein av dei artistane som ikkje berre vil underhalde. Han vil også vise fram kva krefter som styrer liva våre. Men han understrekar at han ikkje sjølv er samd i alt han syng om på den nye plata.

Musikken min handlar ikkje om steinar eller fjelltoppar. Folka er det interessante, folka som bruker ressursane, som fiskar fisken, som går opp stiane, som byggjer husa.

– Songane representerer ikkje mine standpunkt, men eg meiner at dei har ein verdi i den offentlege debatten. Dei fortener å bli høyrde.

Blir ikkje inspirert av naturen
Innimellom alt som skjer, unner han seg små pusterom. Så ofte han kan, kjem han hit til Frysjadrammen. Det er den næraste badeplassen hans, og ein stad der ein kan få ro til å prate. Han kjem hit alltid saman med nokon, Moddi er nemleg ein mann som meiner å tenkje best i samtale med andre.

Og å tenkje, det gjer han til gagns. No er det på tide å prøve å finne ut kva han tenkjer om naturen – for med alle dei tankane, og alle dei vakre songane, så må han vel tenkje noko om naturen òg.

– Inspirerer naturen deg på nokon måte?

Han nesten brøler svaret ut:
– Yess! Der kom det!

Han lener seg framover og ler litt, men blir fort alvorleg igjen. For dette er openbert noko han har tenkt igjennom.

– Nei, eg finn ikkje inspirasjon i natur. Eg har aldri forstått konseptet inspirasjon. Eg har eit marxistisk syn på inspirasjon. Tyske journalistar spør meg alltid: «How do the mountains inspire you?» Dei trur eg vaks opp under ein stein! Sanninga er at naturen er det vi betraktar han som. Omreisande på 1800-talet syntest jo at Noreg var stygt! Du skulle sett nokre skildringar av Senja frå den tida. I dag synest vi det er den perla. Men på 1800-talet såg dei det som ein ugjestmild og fattig liten avkrok.

For Moddi er vegen til det interessante via desse betraktningane. Og kven er det som gjer dei? Jo, det er vi, det.

– Musikken min handlar ikkje om steinar eller fjelltoppar. Folka er det interessante, folka som bruker ressursane, som fiskar fisken, som går opp stiane, som byggjer husa. Den førre plata mi, «Kæm va du?», handlar om folka, om korleis dei kan forklare tilveret sitt. Først då blir naturen vakker. Det er berre vi som kan gjere naturen vakker.

I fjor bada kjærasten min og eg kvar månad heile året. I iskalde Gudbrandsdalslågen, på Svalbard… Kva er poenget med det? Det er ikkje slik at eg får energi, men eg er éin stad, hundre prosent. Dét er eit mål.

Han viser til Karl Marx: Mennesket er skapt for å interagere. Vi skal bruke naturen, det som gjer oss lykkelege er å skape noko. Nærmare bestemt:

– Å bruke hendene våre. Ikkje berre å sjå på ein stein.

Han sjekkar mobiltelefonen og fortel at han har fått seksten e-postar berre under intervjuet.

Å vere ute er målet
– Men å vere i naturen, gjev det deg noko?

Nok ein gong kjem svaret beinveges.

– Det gjev meg ingenting! Å vere ute er målet for meg. Å vere i rørsle. Eg går ikkje ut for å lade batteria, eg går ut når eg har lada batteria. Eg går ikkje ut fordi eg treng det. Eg går ut fordi det er eit poeng i seg sjølv. I fjor bada kjærasten min og eg kvar månad heile året. I iskalde Gudbrandsdalslågen, på Svalbard… Kva er poenget med det? Det er ikkje slik at eg får energi, men eg er éin stad, hundre prosent. Dét er eit mål.

Han slår ut med armane.

– Å vere ute i naturen burde vere godt nok i seg sjølv!

– Men tidlegare sa du at du blir sjuk og ulykkeleg utan skogen. Då må vel naturen gje deg noko?

Han held godt om termoskoppen med fairtrade-te, kikar utover Frysjadammen.

– Ja. Det gjev meg ei kjensle av å vere eit menneske her på jorda. Det gjev litt av den barndomskjensla tilbake. Men eg er ute fordi det er fint i seg sjølv, ikkje for å bli sprek.

Viss eg hadde vakse opp i ein by med mitt energinivå, ville eg nok blitt medisinert. I staden vart eg slengt ut med skufle og hammar. På ein måte er det det eg gjer i dag òg. Eg tar songar og formar dei på min måte. Det er min måte å få ut energi på.

Får ut energi gjennom musikken
Intervjuet nærmar seg slutten. Moddi har lagt seg på berget og folda hendene på magen. For første gong sidan vi møtte kvarandre, ser han ordentleg avslappa ut. Men han kommenterer at han er rastlaus.

Det er noko ekte over denne mannen. Høflege frasar er det berre å gløyme. Og kanskje er det nettopp dét som gjev inntrykk av at han meiner noko med det han gjer. Det er som om det ligg noko og gløder og vil ut der inne i han. Han er 29 år, har mykje å gje.

– På kva måte har du barndomen din i deg?

– I rastløysa, kanskje. Viss eg hadde vakse opp i ein by med mitt energinivå, ville eg nok blitt medisinert. I staden vart eg slengt ut med skufle og hammar. På ein måte er det det eg gjer i dag òg. Eg tar songar og formar dei på min måte. Det er min måte å få ut energi på. Om det er ein snøklump eller ein song du formar… det handlar litt om det same.

Han har ikkje mold under fingrane like ofte som før, dei er på gitarstrengane i staden. Men han er sikker på at det er akkurat det same; det han gjer med gitaren, som det han gjorde med molda og snøen.

Drøymer om Pilegrimsleia
I dag er «heime» litt overalt for Pål Moddi Knutsen. Og han går like gjerne tur i skogen i Hong Kong som i Oslo. Men Senja er framleis staden han er tettast knytt til, og når han ein sjeldan gong har tid til å besøke familien der, er han rask til å spenne på seg joggeskoa. Han bruker ein time opp og ned.

– Fjella på Senja er akkurat høge nok til at dei er heilt konge, og låge nok til at eg kan nå dei med joggesko. Eg bruker å passere tyskarar med dyre fjellsko og Goretex, men sjølv føler eg berre at eg tar ein spasertur gjennom stova.

Overnatting i naturen? Nei, det kan han berre gløyme. Denne vinteren har han elleve land å besøke.

– Eg har ikkje sove i telt på sju år. Eg kan ikkje bruke ein primus. Men det må vere veldig artig å vere ute på ordentleg langtur. Eg har ein draum om å gå Pilegrimsleia over Dovre, eg håper å få det til om to år.