Kreativ og dyktig frilansjournalist med base i Oslo.
Eg skriv fast for fleire oppdragsgjevarar, men tar gjerne imot nye oppdrag. Eg er spesielt glad i å gå i djupna og har skrive mange reportasjar, portrettintervju og forskingssaker. I 2015 vart eg tildelt ViS-prisen for kritisk, innsiktsfull og vederheftig forskingsjournalistikk for denne reportasjen. På nettsida mi legg eg ut eit utval saker eg har skrive.
Ved sida av frilansinga har eg halde fleire forelesingar om forteljande journalistikk og forskingsjournalistikk for studentar ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Eg har vore sensor for masterstudentar samt bidragsytar til boka Putting a Face on It. Individual Exposure and Subjectivity in Journalism (Cappelen Damm, 2017).
Journalistutdanninga mi har eg frå Høgskolen i Oslo (2003). Seinare fullførte eg ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi og utviklingsstudiar, samt ein master i journalistikk (2014). Mitt journalistiske yrkesliv starta i lokalradioen Radio Storfjord. Etter det har eg jobba i Vårt Land, Forskerforum og Magasinet Plot. Eg har også jobba med forskingskommunikasjon ved CICERO Senter for klimaforskning og Universitetet i Oslo.
