Draumen om å nå heilt opp

La oss ta eit djupdykk – inn under skalet, til den delen av oss som vi helst ikkje vil dele med nokon andre. 

Publisert i Magasinet Plot, sommaren 2015 (illustrasjonsfoto: Andrei Niemimäki, Flickr.com)

Det er den kjensla som ligg der og ulmar: kjensla av ikkje å nå opp til det nivået der ein burde vere, der andre er – iallfall dei ein ønskjer å samanlikne seg med. Dei som alltid gjer det bra i jobben, som orkar å stase seg opp med fine klede og rettetang om morgonen, som alltid  tenkjer fint om andre, som har søte, små born med sløyfer i håret (borna kom sjølvsagt på akkurat rette tidspunkt), som alltid har overskot til å hjelpe, og vere der, for andre, som smiler og ler…

Kjenner du deg att, sa du? Du når ikkje heilt opp dit, du heller? Du kan i så fall trøyste deg med at du er heilt alminneleg. Om det hjelper, då.

«Medan den tradisjonelle skamma handla om å realisere seg sjølvfor mykje, handlar vår seinmoderne skam om å realisere seg sjølvfor lite

Finn Skårderud

Det er mange av oss som tenkjer slik. Forferdeleg mange av oss. Så mange at depresjon har blitt den store folkesjukdomen, og at kvar tiande ungdom skadar seg sjølv. For trass avisoppslag, debattar og bøker om samfunnets høge krav og leitinga etter det perfekte liv, ligg det framleis, djupt inni mange av oss, ei kjensle av skam. Skamma fyller både vårt eige indre og kontora til psykologane, anten vi vågar å snakke om ho eller ikkje.

Ut av skammekroken, inn i garderobeskapet

Tidlegare har skam ofte handla om å bryte kollektive reglar. Ein stakk seg for mykje ut, stod fram i heimbygda som homofil, for eksempel. Ordet var ein naturleg del av språket vårt, vi skulle skamme oss viss vi gjorde noko gale. I dag er ordet sjeldnare å høyre i daglegtalen.

«Eg kjem nettopp frå ein fantastisk terapitime. Pasienten hadde brukt eit heilt år på å seie det ho sa.»

Finn Skårderud

–  Vi blir minte om skam i delar av den psykologiske diskursen. Sånn sett driv vi kanskje og rehabiliterer skamma litt. Utover dét kan vi mistenke at samtidskulturen har tenkt at det blir mindre skam. Men det stemmer ikkje. I dag er ein inne i garderobeskapa og skammar seg, ingen får sjå den delen av oss. Det er i skamma sin natur at vi vil halde tett om det, seier psykiater og professor Finn Skårderud.

– Eg kjem nettopp frå ein fantastisk terapitime. Pasienten hadde brukt eit heilt år på å seie det ho sa.

Nyleg skreiv Skårderud i tidsskriftet Psykisk helse om korleis skamma har utvikla seg med oss i samfunnet: Medan skam tidlegare handla om å realisere seg sjølv for mykje, handlar vår seinmoderne skam om å realisere seg sjølv for lite. «Det er følelsen av ikke å strekke til når det gjelder idealet om å bli noe mer enn ”alminnelig”», skriv Skårderud.

– Mykje av samtidsskamma handlar om at ein ikkje er unik nok, ein sjølvrealiserer seg ikkje på den rette måten. For å orientere seg, jaktar ein på konkrete ting. Som prestasjon. Om det er å ha den beste sommarkroppen, eller å vere den flinkaste, raskaste, klokaste, eller den som har dei finaste instagrambileta… ein flyktar gjerne til overflata for å ha noko å halde fast i. Prestasjonen er synleg, konkret, du kan poste han og få noko tilbake, seier han.

«iShame» 

Finn Skårderud meiner at sosiale media forsterkar prestasjonstrenden. Han kallar Facebook ei moderne skammaskin. Det er tydelegvis fleire enn underteikna som har kjent humøret dale av glaserte cupcakes og #lykke-oppdateringar – då alltid følgt av ei kjensle av dårleg samvit (eller skam, på fagspråket): Eg burde då unne andre menneske dette. Det blir ein slags dobbel skam: for det første skamma over ikkje å gjere ting like bra, for det andre skamma over ikkje å unne andre det.

Facebook aukar mulegheita vår for å samanlikne oss med andre, ved at vi får informasjon om venene våre som vi elles ikkje har tilgang til.

I april kunne VG opplyse om at ekspertar åtvara mot sosiale media. «Er du nedfor bør du ikke surfe på Facebook», skreiv avisa med krigstypar på forbrukarsidene sine. Avisa viste til ein studie frå University of Houston i USA, som mellom anna konkluderte med at folk som brukte Facebook mykje, hadde fleire depressive symptom enn andre. Om det var depresjonen som ga Facebook-surfing eller Facebook-surfinga som ga depresjon, visste ein ikkje. Men det såg altså ut til å henge saman.

Forskar May-Li Steers forklarte det med at Facebook aukar mulegheita vår for å samanlikne oss med andre, ved at vi får informasjon om venene våre som vi elles ikkje har tilgang til. Dessutan legg folk gjerne ut dei gode tinga som skjer. Dei dårlege blir verande att i garderobeskapet.

Dei skrekkelege konsekvensane

Vi ser ein auke i talet på skambaserte lidingar, sa nokon her om dagen. Men kva er eigentleg skambaserte lidingar? Kor langt nedover kan skamma drive oss?

«Skam er den logiske grunnen til at folk blir sinte tilsynelatande utan grunn, og det er ein nesten ustyrleg tendens.»

Nicolay Gausel

– Sidan 1980-talet har mangellidingane dominert, menneske strevar med sakn, tomheit. Mange har ei uklar kjensle av å vere feil, seier Gry Stålsett, spesialpsykolog ved Modum Bad.

Ho presiserer skilnaden på skuld og skam: Medan skulda seier at du gjorde ein feil, seier skamma at du er feil. Det rammar heile identiteten, og følgjene kan bli mangslungne.

– Skamraseriet er nok den sentrale drivkrafta i valdsspiralen både i familievald og i samfunnet, trur Stålsett.

Nicolay Gausel, førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold, utdjupar:

– Når skamma driv fram aggressivitet mot andre, er det fordi folk er bekymra over det sosiale biletet av seg sjølve. Dei er redde for å bli avviste, og vil heller halde folk på avstand. Det er den logiske grunnen til at folk blir sinte tilsynelatande utan grunn, og det er ein nesten ustyrleg tendens. Ein har det så vondt med seg sjølv og er redd for at andre skal få vite det, seier Gausel.

Finn Skårderud jobbar til dagleg med eteforstyrringar og rus. Ofte ser han at skamma ligg i botnen også her.

– Ein har ei kjensle av skam som ein vil vekk frå, og set i gang noko. Det kan vere kokain, alkohol, over-eting… alt for å døyve denne kjensla. Men ein får det ikkje til, strategien var ikkje så smart. Det blir bakrus, oppkast, arr under armen og meir skam, seier han.

Lista er lang: Vald. Rus. Eteforstyrringar. Sjølvskading. Sjølvmord. Sosial angst. Depresjonar. Einsemd. Og alt dette stammar frå eit ord som vi som ikkje er psykologar knapt brukar lenger. Er skamma så forkledd at vi ikkje kjenner ho att?

Terapiens sabotør

– Skam er jo eit ord. Nokon kan tenkje skuld, eller låg sjølvkjensle. Er ein kristeleg, kallar ein det kanskje synd. Eg tenkjer skam. Men ordet er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er kjensla, frykta for å bli avslørt, avvist, overopptattheita av kva andre tenkjer og føler om ein, og ei nedrakkande forkasting av seg sjølv: «Eg er ikkje elskverdig». Dei fleste kjenner det på eit vis, uansett kva dei kallar det, seier Skårderud.

«Ein vågar ikkje gå inn i det rommet der ein viser seg fram med sitt elende. Då går ein glipp av den gode sjansen for at ein blir tolt

Finn Skårderud

Og så kjenner vi oss så åleine om det! For når vi ser på andre, då ser vi berre skalet. Det kan gjere det vanskeleg å dele kjensla ein sit med.

– Skam er terapiens store sabotør. Skamma seier «ikkje fortel, for då liker han deg ikkje lenger». Ein vågar ikkje gå inn i det rommet der ein viser seg fram med sitt elende. Då går ein glipp av den gode sjansen for at ein blir tolt. Å setje skamma i tale er heilt avgjerande. Viss ikkje blir terapien berre halvhøflege pseudosamtalar.

Som terapeut introduserer Skårderud ofte skamma på «eit meir ålment plan». Legitimerer det. Seier at dette er noko vi bør snakke om. For å sitje og vente på at folk skal snakke om skamma si kan vere ineffektivt, meiner han.

– Det er sjeldan at folk søkjer hjelp for skamma si. Det føreset tillit å snakke om det.

«Mange opplever skuld og sinne fordi dei har delteke i krig og handla på ein måte som bryt med deira eigne normer. Vår forsking viser at skam er den mest sentrale kjensla i løpet av behandlinga, og at denne står i vegen for at dei kan ha nytte av ho.»

Tuva Øktedalen

Ifølgje ei ny doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, er skam faktisk ei av dei største hindringane for å bli bra etter traumatiske opplevingar. Forskar Tuva Øktedalen, tilsett ved Modum Bad, undersøkte saman med to kollegaer opplevingane til 65 personar, alle med diagnosen post-traumatisk stressliding (PTSD). Også krigsveteranar som hadde delteke på utanlandsoppdrag, var med.

– Mange opplever skuld og sinne fordi dei har delteke i krig og handla på ein måte som bryt med deira eigne normer. Vår forsking viser at skam er den mest sentrale kjensla i løpet av behandlinga, og at denne står i vegen for at dei kan ha nytte av behandlinga, sa Øktedalen til tidsskriftet Psykisk helse.

Ingen av dei 65 personane hadde hatt nytte av tidlegare behandling. I gjennomsnitt hadde dei hatt PTSD i 17 år. Sjølv etter så lang tid gjenopplevde dei i detalj det som skjedde.

– Mange er blitt så flinke til å unnvike traumet. Dei har utvikla ei rekke teknikkar for å skyve det unna, og difor blir dei heller ikkje kvitt sin PTSD, ifølgje Øktedalen.

Gry Stålsett spør seg om det i tillegg kan vere slik at mange born dei siste tiåra har spegla, stadfesta og møtt dei vaksne sine behov i staden for omvendt. Då blir born meir opptekne av å tilfredsstille omgivnadene enn å bli kjende med seg sjølve.

Å bli sett – og tolt

Nokon av oss har med oss skamma frå barndommen. Kanskje vart vi ikkje sett. Kanskje var foreldra våre for strenge. Eller kanskje skjedde det noko trist, som at foreldra våre gjekk frå kvarandre, og vi ga oss sjølve skulda. Nokon kan også ha opplevd ei ulykke, eller krig, eller vald, i vaksen alder, og enkelte er kanskje berre ekstra sårbare, slik at ein plukkar opp negative  tilbakemeldingar, men ikkje dei positive.

Gry Stålsett spør seg om det i tillegg kan vere slik at mange born dei siste tiåra har spegla, stadfesta og møtt dei vaksne sine behov i staden for omvendt. Då blir born meir opptekne av å tilfredsstille omgivnadene enn å bli kjende med seg sjølve, noko som forsterkast av prestasjonskulturen i samfunnet vårt.

– Veks ein opp og blir orientert utover, mot andre, utviklar ein ikkje eit medvite forhold til seg sjølv. Ein blir mindre kjend med eigne kjensler og behov, ein er altfor oppteken av å dekkje andre sine behov først, seier ho.

Stålsett meiner at det må gjerast mykje for å gå skamma i møte. Ho listar opp:

– Vi må førebyggje, rettleie foreldre, undervise lærarar og utvikle ein motkultur til den prestasjons- og lykkejagkulturen vi er i no. Vi treng lågterskel behandlingsopplegg, emosjonell førstehjelp. Og så er det ei reise for den enkelte, for eksempel i terapi. Ein må forstå at det berre er ei kjensle som kan gå over, at det ikkje er heile identiteten til ein person.

Målet er ikkje eit skamlaust samfunn. Litt skam må vi nemleg ha, så vi gjer opp for oss, når vi har gått over streken. Det er den usunne skamma Stålsett, og mange med henne, vil til livs.

Finn Skårderud trur at mange kan jobbe konstruktivt for å lære å akseptere seg sjølve. Samtidig er ein av dei viktigaste arenaer mennesket har for å endre seg, responsar frå andre, påpeikar han.

«Det er påfallande parallellar mellom barneoppdraging og terapi.»

Finn Skårderud

– I det terapeutiske rommet prøver vi å spesialisere oss på at folk skal våge å dele det som er komplisert, og sjå at det går bra. Éin ting er å bli sett. Ein annan er å bli tolt, seier han.

Kva så med dei mange av oss som har ansvaret for born som veks opp i dag? Korleis kan ei tante, ein fotballtrenar, ein pappa eller ei bestemor medvirke til at desse borna skal slite mindre med skam enn vi gjer sjølve (då sjølvsagt utan å kjenne seg meir pressa til å vere den perfekte tante, den perfekte fotballtrenar og så vidare)?

– Vi må våge å vere interesserte i dei, for kva dei er. Vi må tole, guide og regulere dei og ikkje forme dei etter vår modell. Dei må oppleve tryggleik nok til at dei toler å bli pusha litt. Det er påfallande parallellar mellom barneoppdraging og terapi, seier Finn Skårderud.

Ikkje sei «eg veit akkurat korleis du har det», tilrår psykiateren. For ingen av oss veit akkurat korleis andre har det. Men ved å vise interesse, og vere nysgjerrige, kan vi skape ein tryggleik hos born som gjer at neste generasjon, kanskje, blir litegrann mindre oppteken av å vere perfekt og vellykka – litegrann mindre oppteken av å vere noko meir enn alminneleg.