
Dei raude heltane
22. juli 2011 utsette sivile seg for større risiko enn hjelpemannskapa, og enkelte sat att med ei svekka tillit til dei raudkledde. No skal nye retningslinjer gje brann- og ambulansemannskap større mulegheiter til å gripe inn i valdssituasjonar.
Publisert i Ambulanseforum nr. 1 2015 (illustrasjonsfoto: Erik F. Brandsborg/Aktiv i Oslo, Flickr.com)
Bjørn Kasper Ilaug hadde alltid hatt ei sterk tillit til ambulansearbeidarar. Kvar gong han var i huset sitt på Gaustad i Oslo og høyrde ambulansehelikopter buldre over hustaket, tenkte han at «der er det eit menneske som treng hjelp». Han følte seg privilegert over å bu i eit land der han kunne vente rask hjelp, om noko skulle skje.
Ein sommardag i 2011 skulle Ilaug si tillit til nødetatane bli dramatisk svekka. Han var på hytta på Storøya i nærleiken av Utøya og hadde hatt besøk av ein kompis på føremiddagen. Det høljregna, og dei hadde sete inne og sett Tour de France på TV. På bordet stod spekemat, øl og akevitt. Stemninga var god. Men så vart sendinga avbroten av ei nyheitssending. Noko hadde hendt i Oslo.
Det gjekk ei lita stund, og så ringde kameraten tilbake. Han hadde ringt til alle dei andre hyttenaboane, og Bjørn var den einaste som var der. Han måtte reise ut: «Bjørn, dei skyt ungdommar i vatnet. Dei skyt og drep barna våre.»
Først var han irritert over at eksplosjonen i hovudstaden måtte fylle alle kanalar. Han ville så gjerne få med seg sykkelløpet. Men seinare, då kompisen hadde reist heim, ringde telefonen. Det var ein annan kamerat, som hadde hytte like ved, men som denne dagen var heime. Han kunne fortelje at ungdommar svømte rundt Utøya og at Bjørn burde reise ut og hjelpe. Bjørn Kasper Ilaug var avvisande først, forstod ikkje heilt alvoret.
Men det gjekk ei lita stund, og så ringde kameraten tilbake. Han hadde ringt til alle dei andre hyttenaboane, og Bjørn var den einaste som var der. Han måtte reise ut: «Bjørn, dei skyt ungdommar i vatnet. Dei skyt og drep barna våre.»
– Eg var vel litt pussa. Men alvoret gjekk opp for meg. Eg er jo far og ein person som gjerne vil hjelpe.
Og slik gjekk det til at Bjørn Kasper Ilaug tok på seg den knallgule jakka, den raude hjelmen og vernestøvlane sine, og gjekk ned til ein båt med defekt motor, som han hadde prøvd å repararere for ein nabo. Han visste ikkje kor lenge båten ville gå.
Nokre mil unna hadde legen Stephen Sollid to dagar att av ei sjukmelding då det peip inn ein sms frå luftambulanseavdelinga ved Oslo Universitetssykehus. Han måtte på jobb, det hadde skjedd ei krisehending. Han undra seg: Var det ei øving? Noko han ikkje hadde fått med seg? Så gjekk han til pc-en og las om bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet. Sollid friskmeldte seg der og då.
Det var likevel ikkje Regjeringskvartalet som skulle bli oppdraget hans denne dagen. Helikopteret han sat i skulle passere i lufta rett over katastrofen i Oslo sentrum og han skulle berre kike ned, før han flaug vidare til ein enda større tragedie på Utøya.
«I ettertid skulle dei tjue minutta køyreturen tok, verke som uendeleg lang tid.»
Stephen Sollid
Helikopteret landa ein fem minutts køyretur frå stranda i Utvika. Der måtte helikoptermannskapet over i ambulansebilar. Men køyreturen skulle ta lenger tid enn Sollid hadde trudd. Fleire gonger fekk dei beskjed om å stoppe, for stranda måtte sikrast av politiet. Sollid sat bakerst i ambulansen og kjende seg desorientert.
– I ettertid skulle dei tjue minutta køyreturen tok, verke som uendeleg lang tid, seier Stephen Sollid i dag.
Det er vanskeleg å finne dokumentasjon på kva folk ventar av nødetatane. Snakkar du med folk i trygge omgivnader, viser dei gjerne stor forståing for at ambulanse- og brannfolk må sikre seg sjølve. Men tenkjer vi annleis når vi står midt oppi det?
På ei øving i Maridalen i Oslo ein desemberdag i 2014, skulle eg sjølv oppleve korleis det er å stå og sjå på at dei uniformerte ikkje grip inn. Personell frå ambulanse, brann og politi var samla for å øve på dei nye prosedyrane for samvirke ved pågåande livstruande vald (Plivo), som etter planen skal innførast i heile Noreg i 2015.
Denne dagen var scenarioet skyting på ein matfestival. Det rauk av ein kvit varebil som stod like innanfor porten til festivalområdet. Ved bilen låg ei dukke, tydeleg skadd. Frå eit stykke oppi bakken høyrdest det skyting. Og der eg stod, som tilskodar til ei øving for nødetatane, og som ein nokonlunde fornuftig samfunnsborgar for øvrig, reagerte eg spontant på brannmannskapet som hadde gøymt seg bak ein brannbil utanfor porten:
– Kvifor står dei berre der?
Atle Frøberg, operativ leiar ved Prehospitalt senter ved Oslo Universitetssykehus, stod ved sida mi.
– Det er akkurat det folk ikkje veit, seier han. – Dei ventar.
Brannmannskapet følgde prosedyren. Dei vurderte det som for farleg å gå inn. Eg visste eigentleg dette, men der og då, medan ei dukke ligg hardt skadd ti meter unna, var denne vesle opplysninga brått borte frå medvitet mitt.
– Eg trur folk ventar veldig mykje av oss, seier Stephen Sollid.
Han har høyrt historier om helsepersonell som har valt å halde seg tilbake, og der publikum har reagert negativt. I Utvika skulle han sjølv få erfare at folk vart sinte på han.
Etter ein køyretur i sniglefart, var han endeleg framme ved stranda i Utvika. Han og kollegaene fekk ein kort gjennomgang av politiet. Rundt 700 var påmeldte til AUF-leiren, opp mot 50 var skotne til no. Sollid såg for seg eit scenario med 700 skadde menneske. Han ante ikkje kva som kom.
Vi møter han på ein kafé i Lillestrøm. 22. juli 2011 er den mest dramatiske dagen han har opplevd, og han fortel om kjensla av ikkje å ha kontroll. Om å vere ein erfaren anestesilege som skulle setje ei nål inn i blodåra til ei kvinne, men kvinna var for kald, og han fekk det ikkje til. Han vart rådvill og tenkte: Kva no?
Og ute i båten, medan Bjørn Kasper Ilaug plukka opp ungdommar frå sjøen og strendene og såg døde kroppar flyte i vatnet, spurte han seg sjølv: «Kvar er nødetatane? Her døyr det menneske, og vi køyrer inn og ut.»
– Normalt ville eg ha undersøkt henne. Men eg var berre opptatt av å få folk unna, fortel han.
Sollid tok sjølv initiativet til å prioritere ungdommane som kom inn med båtar, slik at dei som trong det mest, skulle få legehjelp. Det var medan han heldt på med dette at han fekk eit spørsmål slengt i ansiktet, av to sinte ungdommar: «Kvifor er de ikkje ute på øya?»
Han hadde berre eitt svar å gje: «Vi får ikkje lov».
– Eg følte meg hjelpelaus og dum. Skamfull. Eg hadde hatt lyst til å reise ut på øya, og dette la lodd på skåla.
Og ute i båten, medan Bjørn Kasper Ilaug plukka opp ungdommar frå sjøen og strendene og såg døde kroppar flyte i vatnet, spurte han seg sjølv: «Kvar er nødetatane? Her døyr det menneske, og vi køyrer inn og ut.»
I Helsedirektoratets rapport frå 2012 «Læring for bedre beredskap. Helseinnsatsen etter terrorhendelsene 22. juli 2011», står det at manglande tilgang til skadestaden var den mest avgrensande faktoren for helsetenesta si evne til å yte helsehjelp under Utøya-aksjonen. Hovudårsaka var at det tok tid for politiet å sikre området. Difor var det vel så mykje politiet som ytte livreddande førstehjelp. Rapporten oppmodar AMK og ambulansetenesta om, i samarbeid med politiet, å gjennomgå rutinane for korleis dei skal handtere situasjonar med auka risiko.
Dei nye Plivo-prosedyrane er til dels ein konsekvens av 22. juli. Plivo skal sikre ein raskare respons frå nødetatane ved ei hending med pågåande livstruande vald. Retningslinjene legg mellom anna opp til at politiet skal gå direkte i innsats, utan å vente på andre politieiningar. Ambulanse- og brannpersonale kan gå nærare gjerningspersonen enn tidlegare; inn i ei såkalla «warm zone», medan politiet har kontroll på gjerningspersonen i «hot zone».
Og er ikkje politiet komne fram, noko som ofte kan vere tilfelle i bygdene, skal ambulanse- og brannpersonell vurdere om dei kan setje i verk tiltak mot gjerningspersonen på eiga hand. Dette gjeld i dei tilfella der slike tiltak er nødvendige for å hindre yttarlegare skade på publikum, og dersom det muleggjer evakuering og behandling av dei skadde. Er det skytevåpen involvert, skal dei halde seg unna.
Med Plivo håper ein å unngå at hendingar som Utøya får gjenta seg.
4. november 2013 skulle ei anna hending skake Noreg. Tre personar vart brutalt drepne om bord på Årdalsekspressen. Dei første vitna som kom til staden, trudde dei hadde hamna i ei ulykke. Då to klarte å komme seg inn i bussen for å hjelpe til, vart dei overraska av ein mann med kniv.
Årdalsmannen Roald Halvorsen hugsar dagen godt. Då mannen løfta kniven mot han og sambuaren, la dei på sprang ut av bussen og ropte til dei andre at det var ein mann med våpen der inne. Saman med eit av dei andre vitna møtte han brannmannskapet, som kom først av nødetatane, og fortalte dei kva som gjekk føre seg i bussen.
Brannmennene ba dei gå til bilane for å vere trygge. Så gjekk dei sjølve bortover mot bussen. Brannmann Inge Steinheim leia den vesle gruppa, og han nølte ikkje med å ta eit steg opp i trappesatsen. Han ønska seg ei oversikt.
– Eg ville ikkje kommandere andre til å gjere det, så eg tok ei avgjerd om å gjere det sjølv. Du sender jo ikkje andre bort for å snakke med ein som står med ein blodig kniv, seier Steinheim.
Saman med lokale ambulansepersonell og mannskap frå Norsk Luftambulanse, klarte brannmennene frå Årdal denne dagen å overmanne ein trippeldrapsmann. Éin ambulansearbeidar hadde erfaring frå psykiatrien, og han tok over kommunikasjonen med gjerningsmannen. Brannmenn stod klare med slagverktøy, blendelampe og brannsløkkingsapparat, i tilfelle mannen skulle komme ut av bussen med kniven.
«Generelt trur eg nok publikum ventar at vi gjer eit eller anna. Vi er jo ein etat som rykkjer inn når andre reiser ut.»
Inge Steinheim, brannmann
– Hovudoppgåva var å redde liv. Det ligg nedfelt i oss, seier Inge Steinheim.
Han trur at det blir venta meir av dei uniformerte enn av andre.
– Generelt trur eg nok publikum ventar at vi gjer eit eller anna. Vi er jo ein etat som rykkjer inn når andre reiser ut, seier han.
Roald Halvorsen fortel at han ikkje venta at brannvesenet skulle gå inn i bussen. Men han venta at dei skulle ta kontroll.
– Viss det kjem ambulanse eller brannmannskap og dei berre står der som vanlege tilskodarar, blir det ikkje rett. Dei må ta kontroll over situasjonen, så ikkje fleire blir skadde, seier Halvorsen.
– Synest du at dei har andre oppgåver enn menigmann?
– Ja, dei er meir trena, i forhold til sånne som oss.
Mange er usikre på kva Plivo-retningslinjene vil føre til. Vil dei skape større forventningar til nødetatane? Og har brann- og ambulansepersonalet eigentleg tilstrekkelege føresetnader for å vurdere farlege situasjonar? Thor Langli, innsatsleiar i Oslo Politidistrikt og ein av personane bak Plivo, understrekar at brann- og ambulansefolk ikkje skal overta politiet sine oppgåver.
– Dei pliktar å vurdere situasjonen, men dei pliktar ikkje å gå inn, seier han.
Det skal heller ikkje få konsekvensar for personalet om det i ettertid viser seg at dei kunne vurdert situasjonen annleis, påpeikar Langli.
Ola Yttre, leiar for Yrkesorganisasjonen som organiserer 3000 ambulansefolk, er skeptisk og meiner at ei innføring av Plivo vil krevje ei omfattande opplæring.
«Eg er redd vi innfører eit system utan å gje rom for øving. Då får vi eit system vi ikkje forstår, og det blir verre enn ikkje å ha det.»
Håvard Larsen
– Du har mange ambulansefolk med god og lang erfaring, som ikkje vil gå inn. Så har vi også ivrige, unge ambulansefolk som ikkje ser alle konsekvensane, seier han.
Håvard Larsen, som vart kåra til Årets Paramedic i 2011, særleg på grunn av innsatsen ved Utøya, er derimot positiv. Men også han etterlyser trening. Han vil ha eit innfasingssystem med eit kvalitetssikra treningsprogram for alle, og han meiner det er typisk norsk å implementere ting utan at midlar til opplæring følgjer med.
– Eg fryktar eit helsevesen utan pengar og ressursar, og er redd vi innfører eit system utan å gje rom for øving. Då får vi eit system vi ikkje forstår, og det blir verre enn ikkje å ha det, meiner han.
Ei landsdekkande opplæring kan fort bli dyrt. Justis- og beredskapsdepartementet har ikkje løyvd eigne midlar til Plivo-øvingar i 2015.
– Generelt er det ikkje slik at det følgjer friske midlar kvar gong det utarbeidast nye retningslinjer. Det blir opp til nødetatane å prioritere kva som skal øvast innan gjeldande budsjettrammer, seier statssekretær Hans J. Røsjorde.
Atle Frøberg ved Oslo universitetssykehus har likevel ein gladbodskap å komme med. Det har blitt øvd fleire stader i landet, og i Oslo og Akershus har det blitt trena i stor skala sidan 2010. Meir øving skal det bli framover.
– Målet er å lage ein nasjonal standard med praktiske øvingar. Det skal utdannast regionale instruktørar, slik at det blir eit likt system over heile landet, seier han.
Frøberg reknar med at politidistrikta, regionale brannvesen og helseføretaka sjølve må ta rekninga for opplæringa. Men det har blitt løyvd midlar til eit e-læringsprogram. Programmet er eit samarbeid mellom Politidirektoratet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Helsedirektoratet.
«Når vi oppfattar at det står mange blålys oppå vegen og ventar, skjer det noko med forståinga vår av evna til å hjelpe. Dei som var på Utøya venta hjelp. Dei vart lova hjelp. Men hjelpa kom ikkje.»
Bjørn Kasper Ilaug
Enkelte helseføretak tar også eigne initiativ til å førebu personalet på risikosituasjonar. Helse Bergen har til dømes, uavhengig av Plivo, arrangert såkalla ESPA-kurs, «Egensikkerhet og prehospital aggresjonsforståelse», for alle ambulansetilsette. Her har ambulansearbeidarane fått opplæring i å vurdere trugande situasjonar.
Kursa i Bergen var ein konsekvens av at personale på psykiatriambulansen melde at dei følte seg utrygge på jobb. Dei ønska seg verneutstyr. Helse Bergen gjorde ei omfattande utgreiing og fann mellom anna at ambulansen i Gøteborg hadde bestilt skotsikre vestar i 2003, då byen opplevde stadig hyppigare skyteepisodar. Vestane var blitt lite brukte, for Gøteborg-ambulansen skulle snart konkludere med at det ikkje var oppgåva deira å gå inn i trugande situasjonar. Dei skulle sikre seg sjølve først.
Erfaringane frå Gøteborg medverka til at Helse Bergen tok eit val: Dei ville heller satse på opplæring av personalet enn på auka bruk av verneutstyr.
«Medan ambulansefolka stod oppe på vegen og røyka, var vi ute i båtane og redda liv», sa ein av dei sivile heltane etter 22. juli 2011. Bjørn Kasper Ilaug fortel at han fleire gonger har tatt ambulansemannskapa i forsvar.
– Eg veit at alle gjorde så godt dei kunne den dagen. Men som vanlege menneske tenkjer vi at ambulansen skal komme fort til ein stad. Når vi oppfattar at det står mange blålys oppå vegen og ventar, skjer det noko med forståinga vår av evna til å hjelpe. Dei som var på Utøya venta hjelp. Dei vart lova hjelp. Men hjelpa kom ikkje, seier han.
I ettertid har han forstått at det tok tid før hjelpa kom fordi dei vart forhindra. Han trur ambulansearbeidarane må ha opplevd det vanskeleg.
– Det må vere vanskeleg for ein etat som er så profesjonell som det den etaten er, ikkje å få komme fram. Dei må føle seg utilstrekkelege når dei ikkje kan gå inn og gjere jobben sin fordi dei er forhindra av politiet.
Det var ikkje berre køa av blålys på vegen, fortel han. Det var også andre historier, som båtføraren som ringde AMK og sa at han trong ein ambulanse til kaia for å hente eit blødande barn. AMK sa at ambulansane ikkje kunne køyre ned til kaia fordi området ikkje var sikra. Men båtføraren fekk beskjed om å halde fram med det viktige arbeidet.
«Det er ein slags innebygd ryggmargsrefleks som vi har, å ønske å kome så nært som muleg dei som er skadde. Eg følte at eg stod der og var avhengig av sivile. Dei utsette seg for meir risiko enn eg. Dei gjorde min jobb.»
Stephen Sollid
Bjørn Kasper Ilaug har spurt seg kvifor sivile fekk vere i det usikra området, men ikkje nødetatane. Sivile båtførarar reiste fram og tilbake, og kvinner og barn stod på brygga ved Utvika camping – eit område som er nærare Utøya enn området der politiet og nødetatane oppheldt seg.
For Stephen Sollid kjendest det ikkje rett. Han hadde tolv års erfaring frå livredding, men fekk ikkje lov til å reise ut til øya før etter nokså lang tid. I staden stod han der og såg på at sivile tok til båtane og reiste ut.
– Det er ein slags innebygd ryggmargsrefleks som vi har, å ønske å kome så nært som muleg dei som er skadde. Eg følte at eg stod der og var avhengig av sivile. Dei utsette seg for meir risiko enn eg. Dei gjorde min jobb, seier han.
På eit tidspunkt vart han og dei andre ambulansearbeidarane bedne om å evakuere frå stranda. Politiet hadde funne bilen til gjerningsmannen, og det kunne vere ei bombe der. Dei evakuerte ikkje. Dei ville vere hos ungdommane.
– Trugselen var ikkje så direkte. I bakhovudet hadde eg tanken om at vi må rydde opp her, komme oss vekk. Men står du der med ein pasient, er han ditt ansvar, seier Sollid.
Han trur han ville fått problem i etterkant om han hadde reist seg og gått derifrå. Men mang ein gong etter 22. juli har han tenkt på at han kanskje kunne ha redda nokon til, om han hadde fått sleppe til på stranda tidlegare.
Sollid trur at redningsmannskap som vel ikkje å gripe inn i ein usikker situasjon, ofte vil føle skyld i etterkant.
– Sjølv om avgjerda der og då sikkert var riktig, vil du etterpå sitje med veldig mykje meir informasjon. Folk vil lettare dømme deg. Dei vil vite meir enn du visste. Ein skal vere audmjuk for andre sine avgjersler, seier han.
Han helsar dei nye Plivo-retninglinjene velkomne, men han ønskjer at opplæringa blir tatt på alvor. Han trur også at retningslinjene kan føre til høgare forventningar, både frå publikum og kollegaer:
– Vi må vere veldig obs når dette blir innført. Vi må lage ein kultur der det er greitt å seie nei.
Fakta:
«Prosedyrer for nødetatenes samvirke ved pågående livstruende vold» (PLIVO)
‘Nasjonale prosedyrer som truleg blir sett i verk over heile landet i 2015. Prosedyrane skal sikre raskare respons frå nødetane ved hendingar med livstrugande vald mot ein uskyldig tredjepart.
‘Prosedyrane legg mellom anna opp til at ambulanse- og brannpersonale kan gå nærare gjerningspersonen enn tidlegare, inn i ei såkalla «warm zone».
‘Er ikkje politiet til stades, skal brann- og ambulansepersonalet vurdere om dei kan setje i verk tiltak mot gjerningspersonen.
‘Det er ikkje utarbeidd nasjonale retningslinjer for andre typar skarpe oppdrag, utan pågåande vald. Her gjeld Nødrettsparagrafen i Straffelova, som kan gjere ei elles straffbar handling straffefri dersom ein reddar menneskeliv eller store verdiar. Paragrafen gjeld for alle samfunnsborgarar.
Les meir om PLIVO:https://www.politi.no/vedlegg/lokale_vedlegg/politidirektoratet/Vedlegg_2624.pdf