Fjellvandring. Foto: Silje Pileberg

Den beste turgleda kjem etterpå

Du var våt, kald, sliten og hadde gnagsår. Korleis er det muleg at du fire veker seinare hugsar det som ein flott tur?

Publisert i Fjell og vidde, april 2016 (illlustrasjonsfoto: Silje Pileberg)

Vi er nok mange som har opplevd det: kilometervis med turgåing i regnvêr, skigåing på glatt og hard aprilsnø, blytungt randonee-utstyr i oppoverbakke, gnagsår som bit oss i hælen, eller kanskje ein frykteleg høgdeskrekk. Likevel står vi bi og gjennomfører det vi var tenkt til. Og det underlegaste av alt: Vi tenkjer tilbake på det med glede!

Kjensla av glede er eit aldri så lite mysterium som har opptatt filosofar i tusenvis av år. Dei siste åra har temaet også begynt å oppta friluftslivsforskarar. Det ser ut til at det, djupt inne i oss menneske, er eit potensiale for ei heilt spesiell glede – som ikkje kan arvast, og som vi aldri får gratis. Den gleda kjem alltid etterpå.

Smiler i botnen av bakken
– Når ein skikøyrar køyrer nedover ein bakke, ser han ikkje glad ut i det heile tatt. Men med éin gong han begynner å bremse, kjem smilet. Når han stoppar heilt, kan han smile stort, fortel Audun Hetland, stipendiat i psykologi ved UiT Norges arktiske universitet.

Han monterte like godt hjelmkamera, både på skikøyrarar og syklistar, for å filme ansiktsuttrykka deira. Han har sett det meste: Redsle, alvor, sinne, konsentrasjon. Gleda kjem alltid til slutt.

Slik er det også med basehopparar. Her viser pulsmålingar at dei er livredde før dei hoppar. Kanskje ikkje så rart, for på nokre sekund kan jo alt vere over. Ein av basehopparane Hetland følgde, klarte endeleg – etter å ha feila gong på gong – å få til det perfekte hoppet. Men gleda kom først til syne når han landa: i eit vanvittig gledesbrøl.

– Vi menneske set oss i ei heil rekke situasjonar som kan verke uforståelege. Alle basehopparar har nesten makspuls før dei hoppar. Det er vondt å vere redd! Likevel hoppar dei, igjen og igjen. Kvifor i all verda gjer dei det?

Det underlege er at når basehopparane blir spurte i etterkant, seier dei at dei berre var litt over middels redde. Fem eller seks, kanskje, på ein skala frå éin til ti.

Det beste var å lære noko nytt
Ekstremsportutøvarar er ekstremvarianten av folk flest. Men også blant meir ordinære turfolk er det eitt eller anna får oss til stadig å gjenta aktivitetar, sjølv om dei ikkje er så behagelege der og då.

Helga Synnevåg Løvoll, forskar ved Høgskulen i Volda, tok med 64 studentar ut på tur som del av ein doktorgradsstudie. Studentane hadde varierande erfaring med friluftsliv, og ho ville følgje med mens dei utøvde ulike sider av friluftslivet. Dei laga måltid saman, opplevde vakker natur, lo og var sosiale og øvde på grunnleggande friluftsferdigheiter.

Studentane var på to tredagars turar: éin hausttur ved kysten og éin skitur vinterstid. På slutten av kvar turdag spurte Løvoll dei kva som hadde vore den beste opplevinga.

Minnet vårt spelar oss eit puss. Kva vi opplever som behageleg endrar seg med tida.

Helga Synnevåg Løvoll

– I heile seksti prosent av svara sa studentane at det beste hadde vore å øve på nye, grunnleggande friluftsferdigheiter, fortel Løvoll.

Å øve på nye ferdigheiter var éin av sju kategoriar og viste seg å vere viktigare enn mellom anna måltid, latter, kvalitetstid med venner og vakker natur.

– Dei hadde fått øve på heilt grunnleggande ting som å ro, padle, redde kameratar i kano og skred, gå på ski utanfor preparerte løyper og byggje iglo og snøhole. Det var ikkje ekstremt eller risikofylt, men det var heller ikkje veldig behageleg. Til dømes er det ikkje så behageleg å lære kameratredning i iskaldt vatn.

Velbehaget kom etterpå
Løvoll ba dei også om å skildre opplevinga dei hadde hatt. Her sa dei gjerne at den beste opplevinga ikkje hadde vore så behageleg, men at ho hadde vore interessant. Då Løvoll stilte same spørsmål etter ein månad, viste det seg ein merkeleg tendens: Det studentane hadde karakterisert som interessant i første omgang, var framleis interessant, men no var det også blitt behageleg.

– Minnet vårt spelar oss eit puss. Kva vi opplever som behageleg endrar seg med tida, seier Løvoll.

I studiane fann ho også noko anna. Dei som hadde rapportert at dagens beste oppleving var å øve på nye ferdigheiter, hadde éin månad etter eit sterkare ønske om å repetere turen. Hos dei som hadde meint at turens beste oppleving var ein meir avslappande aktivitet, var ikkje ønsket om å repetere turen like automatisk.

Drivkrafta vår ser ut til å vere interesse, engasjement og entusiasme. Desse kjenslene dreg oss gjennom eld og vatn.

Audun Hetland

– Eg trur at dette har ei rimeleg forklaring. Viss vi har gjort noko som fanga engasjementet vårt, førebur vi oss på å utsetje oss for det same ein gong til. Ved å hugse det som meir behageleg enn det faktisk var, byggjer vi opp ein motivasjon for å takle det.

Positive kjensler er drivkrafta vår
Kjenslene våre ser ut til å bety mykje for motivasjonen vi menneske opplever. Medan studiar har tyda på at det meste av gleda vi føler, er medfødd, finst det andre, positive kjensler som banar vegen for den etterpå-gleda skikøyrarar, basehopparar, ekstremsyklistar og friluftsfolk opplever.

– Drivkrafta vår ser ut til å vere interesse, engasjement og entusiasme. Desse kjenslene dreg oss gjennom eld og vatn. Dei får oss til å springe maraton, sjølv om det både er vondt, dyrt og vi veit at vi aldri kan vinne. Når vi er skikkelig interesserte og engasjerte kan vi gjere ting trass i at vi er redde og har det ubehageleg, seier Audun Hetland og legg til:

– I vårt fagfelt er dette nytt. Vi begynner å sjå effekten av å få lov til å vere engasjert.

Leit etter det som vekker interesse
Det som kanskje er det vakraste, er at desse posive kjenslene er tilgjengelige for alle. Det går an å tilretteleggje for at folk skal få oppleve interesse, engasjement og entusiasme.

– Viss du ønskjer at andre skal bli glade i friluftsliv, så bør du leite etter det dei synest er interessant. Gjeld det barn, så set deg inn i barnet sine interesser og spel på det. Då aukar sjansen for at dei vil hugse det som ei positiv oppleving, seier Helga Synnevåg Løvoll.

Og er du forelder, lærar, kurshaldar eller arbeidsgjevar er det heller ikkje dumt å tilretteleggje for at folk får setje sine eigne mål, ifølgje Audun Hetland.

– Blir måla dregne nedover hovudet på folk, mistar dei engasjementet. Klarer vi derimot å tilretteleggje for engasjement, kan folk vere veldig sjølvdrevne lenge, seier han.

– I ekstremsport får utøvarar setje måla sine sjølve. Ein erfaren basehoppar kan hoppe og ta tjue saltoar. Ein fersk hoppar rett ut. Og ein som er veldig god på ski, kan køyre raskare og i brattare bakkar enn ein nybegynnar.

Meistring kjem på toppen
Har vi dagen med oss, kan vi få ei meistringskjensle i tillegg til dei andre positive kjenslene. Meistring er ikkje nødvendig for at vi skal hugse det som ei fin oppleving. Men det er heller inga ulempe.

– Interesse og engasjement endrar seg uansett til glede etterpå. Viss vi i tillegg får oppleve å setje oss eit mål og nå det, får vi eit boost av ei meistringskjensle på toppen, seier Hetland.

Han trur at desse mekanismane fyller ein heilt grunnleggande funksjon.

– Skal vi utvikle oss som menneske, må vi oppsøke situasjonar igjen og igjen. Sjølv har eg segla ein del. Eg blir sjøsjuk, men gløymer det. Dermed kan eg segle sjølv om eg ikkje er skrudd saman for å vere på sjøen. Det same ser eg hos sonen min på eitt og eit halvt år. Han held på å lære seg å gå og snublar gong på gong. Viss det kun var all hylgrininga han hugsa, ville han aldri prøve igjen.