Tilgiving. Løgn. Drap. Usikkerheit. Uskyld. Blind tillit

Store ord floka seg saman då vi besøkte Halden fengsel for å spørje innsette og tilsette om Veronica Orderud kan bli fengselsprest.

Publisert i Magasinet Plot, hausten 2015 (illustrasjonsfoto: Fairytaleweaver, Flickr.com)

– Ja visst kan ho bli fengselsprest!

«Stian» (26) sit ved eit lite firkanta bord i eit besøksrom i Halden fengsel. Veggane er glatte og kvite. Vindauget er smalt. Ein gul skinnsofa står langs eine veggen og tilfører litt farge til det anonyme rommet.

Stian har ei lettliva og positiv utstråling. Han har vore i fengsel i rundt fem år, fortel han. Men  han ønsker ikkje å fortelje kvifor retten ein gong bestemte at han skulle stengast inne. For ein utanforståande er det vanskeleg å forstå, kanskje på grunn av kontrastane: den trivelege mannen, den lange straffa.

Og kanskje er det også kontrastane som gjer spørsmålet vi skal snakke om så inderleg vanskeleg: For korleis skal samfunnet eigentleg respondere, når ei som har sona for medverknad til trippeldrap vil bli ein tillitsperson? Når ei som aldri har tilstått og bede samfunnet om tilgjeving for det ho er dømd for, vil bli fengselsprest?

Stille frå Kyrkja

Ingen på toppen har ønska å svare. Eitt etter eitt avslag har kome, på e-post og telefon: Frå professor og ekspert på skuld og soning, Paul Leer-Salvesen. Frå Oslo-biskop Ole Christian Kvarme. Oslo-biskopens kone, kriminolog Ingjerd Kvarme, har aldri svart på meldingane. Bispeparet har tidlegare uttrykt tvil om at dommen er riktig.

Men kva med sjølve sjefen i Kyrkja, preses Helga Haugland Byfuglien? Eller kanskje den frittalande Borg-biskopen Atle Sommerfeldt?

Nei, var svaret.

– Det er vanskeleg for ein biskop å seie noko prinsipielt om dette, utan at det blir lese som ein kommentar til ei konkret sak, forklarte generalsekretær Christofer Solbakken i Bispemøtet.

Og sidan Veronica Orderud i sommar har delteke på programmet Veien til Presteteneste, for teologistudentar som planlegg å gå ut i prestejobb, har ho allereie ein relasjon med biskopane. Saka har difor kjenneteikn frå ei personalsak, ifølgje Solbakken.

«Om eg sat att og tenkte at presten ikkje var ærleg, ville eg ikkje vendt meg til den presten igjen.»

«Stian»

Dermed er vi her, i Halden fengsel, og skal snakke med dei som vil snakke med oss: tre innsette, ein fengselstilsett og ein fengselsprest. Alle har sine blikk på livet innanfor murane, og alle har sine tankar om kven dei ville ønske å snakke med, når dei trong det aller mest.

Blind tillit

– Eg ville kanskje tenkt «Oj, har du fått jobb her?» Men eg trur eg ville hatt blind tillit uansett. Eg har fått inn gjennom morsmjølka at prestar skal stolast på, på grunn av den sterke tausheitsplikta og alt muleg sånt, seier Stian.

– Blind tillit, sjølv til ein person som er tidlegare drapsdømd?

– Ja.

Han nikkar. Men han ville nok ønska å spørje presten kva som eigentleg skjedde, den gongen på Orderud gård, fortel han. Og han hadde venta eit ærleg svar.

– Ville du trudd blindt på svaret?

– Eg måtte tatt stilling til det der og då. Det hadde nok blitt eit «make it or break it»-punkt for presten. Om eg sat att og tenkte at presten ikkje var ærleg… då ville eg ikkje vendt meg til den presten igjen. Og eg ville nok sagt det til alle andre innsette.

– Korleis avgjer du om nokon er ærlege mot deg?

Stian smiler.

– Ja, det er litt vanskeleg. Kva skal eg seie… det går på auraen til heile personen. Nokon menneske er berre trygge og gode. Prestar har ofte ei slags ro med seg sjølve, iallfall dei eg har møtt.

Ville forstått

Ein fengselsprest med ein dom bak seg ville kunne tilføre noko som andre fengselsprestar ikkje kan, meiner Stian. Han veit ikkje om det ville vore enklare å lene seg til henne enn til den fengselspresten han har i dag. Men han trur at ho ville hatt eit betre grunnlag for å forstå.

– Dersom eg opplevde eit dødsfall i familien under soning, ville det vere ein fordel å prate med ein tidlegare innsett. Kanskje den presten har vore gjennom noko liknande sjølv.

Stian får støtte av «Martin» (38), som har 17 år bak seg i fengsel. Han fortel at han sjeldan har nytta prestetilbodet i fengslet, men at han alltid synest det er komisk når folk utanfrå seier at dei forstår korleis han har det.

– Dei forstår jo ikkje det, utbryt han. – Ei som sjølv har sona, vil kunne få ei heilt anna tilknyting til dei innsette enn ein annan prest.

– Det ville vel ikkje alltid vore slik at ein tidlegare innsett forstod deg?

– Det er vanskeleg å unngå fellestrekk når ein har sete så lenge i fengsel. Sånn sett er soningane veldig monotone.

Alle andre visste

Verken Martin eller Stian ser det som eit stort problem at Veronica Orderud er dømd, men ikkje har tilstått. Kva ho har tilstått overfor Gud, er det ingen som veit, påpeikar dei to.

– Og så må ein jo vere såpass open når tre personar er dømde for medverknad til drap, og ein aldri har funne ut kven som gjennomførte drapet, at om ti-femten år kan den personen vere frikjend, seier Martin.

Sjølv er han dømd basert på forklaringa til ein annan. Vitnemålet til personen som gjennomførte drapet, var berande i rettssaka.

– Det var som om alle andre visste kva som hadde skjedd. Påtalestyresmaktene og politiet hadde gjort seg opp si meining. Eg har sett korleis ting kan utvikle seg og bli til noko dei ikkje er. Sjølv har eg min versjon av mi sak, retten har ein annan.

Martin har sjølv sona ilag med tre av dei dømde i Orderud-saka, mellom anna Veronica. Han har også sona med Fritz Moen, som seinare skulle vise seg å vere uskyldig.

– Eg seier ofte til folk at ein skal vere veldig forsiktig med å dømme andre. Den einaste som veit kva som skjedde, er den som fysisk var der.

«Veronica si sak vil henge ved henne uansett. Ho har sikkert lært at ho vil måtte finne seg i det.»

«Stian»

Saka vil henge ved

Halden fengsel har ord på seg for å vere verdas mest humane fengsel. Frå innsida er den grå muren rundt området lite synleg. I staden ser ein skog, mose, blåbærlyng. Bygningane minner om ein ny, norsk høgskule. Dette er også meininga, fortel fengselsprest Lino Egidio Lubiana. Her skal ein ha alt det som samfunnet utanfor har: NAV-kontor, lunsjrom, ulike arbeidsplassar, treningssenter, legekontor, ja til og med ein liten butikk. Det einaste du skal mangle, er fridomen.

Og nokon får kanskje aldri denne fridomen heilt tilbake. Då Orderud-saka pågjekk tidleg på 2000-talet, vart ansikta og identiteten til dei mistenkte nokså raskt kjende. Det kan bli vanskeleg å riste av seg det biletet media har skapt, trur Stian og Martin.

– Veronica si sak vil henge ved henne uansett. Ho har sikkert lært at ho vil måtte finne seg i det. Om ho så hadde gitt 100 millionar kroner til Syria-flyktningar, vil det i same setning bli sagt at ho vart dømd til 21 år i fengsel, meiner Stian.

Martin seier det slik:

– Vi innsette er så vane med at ting blir dratt opp igjen og opp igjen. Du blir stort sett aldri ferdig med ei sak. Vi er så vane med å bli dømde gong på gong.

Han trur at denne erfaringa ville gjere Veronica Orderud til ein unik fengselsprest. Ho ville forstått. Og han ville hatt tillit.

Bør ikkje bli fengselsprest

Også Robert (26) sit inne for drap. Han har tilstått det han har gjort, og han har brukt fleire år på å prøve å forstå det. No må han leve med konsekvensane, meiner han.

– Det er mange ting eg kunne tenkje meg å gjere, som eg ikkje kan. Eg kunne tenkje meg å jobbe internasjonalt, men eg vil ikkje få visum til alle land. Veronica Orderud er dømd for drap, og gitt at dommen er rett, fortener ho ikkje den tillitsjobben det er å vere fengselsprest.

– Men ho har sona straffa si. Bør ho ikkje få ein ny sjanse?

– Jo, der er eg faktisk samd, sett at ho har innrømt det ho har dømd for.

Robert ser opp i taket. Hovudet er glattbarbert. Under skjorteermet kan vi skimte ei svart tatovering.

«Viss samfunnet vel å gi henne mulegheit til å vere fengselsprest, innrømmer dei samstundes at dei har teke feil.»

Robert

– Viss ho er uskyldig, må ho føle seg utruleg urettferdig behandla. Då fortener ho ein ny sjanse. Men viss ho er skyldig, må ho innrømme det ho har gjort. Det er eit dilemma! Berre ho veit om ho faktisk har gjort det.

Løgnen er det verste

Då Robert sjølv vart dømd for drap, starta han ein søken i litteraturen for å forstå meir. Han har tenkt mykje – på skuld, og på soning. Sjølv meiner han at løgnen ville vere det verste, dersom ein drapsdømd som ikkje hadde tilstått skulle fungere som prest.

– Immanuel Kant meinte at løgner forgiftar språket. Dei forplantar seg, og dei øydeleggjer samfunn. Prestar har ei hovudoppgåve i å vere hundre prosent ærlege. Dei har samlingar og får spreidd ordet sitt. Det er viktig at ordet dei spreier er ærleg, så folk ikkje blir forgifta av løgner. Det kviler eit ganske stort ansvar på prestar.

Når retten vel å dømme ein person som ikkje har tilstått, seier samfunnet at personen lyg, ifølgje Robert. Men om denne personen skal kunne jobbe som fengselsprest, må samfunnet seie at dei stolar på henne. I hans hovud går det ikkje opp.

– Viss samfunnet vel å gi henne mulegheit til å vere fengselsprest, innrømmer dei samstundes at dei har teke feil. Då innrømmer dei at ho er uskyldig. Men dei har allereie sagt at ho lyg!

«Fengselspresten må vere heilt nøytral, uavhengig av straff og dom.»

Marius Paulsen

Om Orderud hadde tilstått, ville situasjonen ha vore ein annan, meiner han.

– Då ville eg synast at ho kunne vere fengselsprest. Gud tilgir alle dine synder. Då må han vel kunne tilgi hennar også.

Tung ballast

Ein fengselsprest skal ikkje berre ha tillit hos dei innsette. Han eller ho skal også vinne tillit hos dei som jobbar i fengslet. Martin, som har mange år i fengsel bak seg, trur at det vanskelegaste for ein drapsdømd i presteteneste ville vere å oppnå tillit blant dei tilsette. Fengselstilsette Marius Paulsen er samd. Paulsen trur Veronica Orderud ber med seg ein ballast som vil påverke forholdet til kollegaene i fengselet.

– Fengselspresten må vere heilt nøytral, uavhengig av straff og dom. Eg som fengselstilsett er avhengig av å kunne stole på han eller henne. Med ein tidlegare straffedømd vil dette tillitsforholdet bli vanskeleg, seier han.

For av og til, forklarer Paulsen, må fengselstilsette gjere ting mot dei innsette som dei kan oppleve krenkande. Etter 16 år i fengsel er det stor sjanse for at Orderud er bitter på systemet, meiner han.

– Eg ser ein fare for at ho vil samtykke med dei innsette, heller enn med dei tilsette. Og kva vil eit slikt samtykke gjere med interaksjonen mellom innsette og tilsette? Det er så viktig at presten fungerer som bru, at han er heilt nøytral!

Marius Paulsen er streng i sin dom: Sjølv om den dømde med tida skulle vise seg å vere uskyldig, ville ho framleis ikkje kunne fungere som fengselsprest, meiner han. Ballasten ho ber på, ville vere for tung.

Må vinne tillit

Fengselsprest Lino Egidio Lubiana har hatt jobben sin i fem år. Han kallar arbeidet «å balansere på ein knivsegg».

«Eg synest ikkje at menneske skal innrømme skyld når dei meiner at dei er uskyldige.»

Lino Egidio Lubiana

– Som prest i eit fengsel må du ha tillit i begge leirar: både hos dei tilsette og hos dei innsette. Eg trur det er ein lang veg å gå for ein straffedømd som vil vinne denne tillita, seier han.

Om Orderud skulle klare det, trur Lubiana at ho kan vere ein ressurs som fengselsprest. Men skolering og vegleiing over tid ville vere svært viktig, understrekar han. For det ville vere fort gjort å tru at ein forstår eit anna menneske, sjølv om ein kanskje eigentleg ikkje gjer det.

– Ville det vere problematisk at Orderud ikkje har tilstått det ho er dømd for?

– Eg har ikkje reflektert særleg på det punktet, seier Lubiana.

– Vi har, og skal ha, ei stor tillit til rettsapparatet. Men det bør vere rom for å tenkje at nokon ikkje har gjort det dei er dømde for. I rundt 4 prosent av norske dommar er dei innsette uskyldige. Eg synest ikkje at menneske skal innrømme skyld når dei meiner at dei er uskyldige.

Sjølv om han trur det ville vere ei stor utfordring for Orderud å vinne tillit, trur han ikkje at det er umuleg.

– Eg trur at det alltid kan skapast ei overraskande ny og vakker røynd. Eg ønskjer å vere open for at det gode kan skje. Ein kan ikkje ha ein jobb som dette utan å ha det perspektivet.

Ein sjanse til å leve

Ein lang dag i Halden fengsel går mot slutten. Det har vore ein dag der regnet piska i den eine augneblinken og sola varma i den andre. Ein dag med glede og humor mellom grå, tunge murar. Med omsorg og medkjensle, trass tunge, lange straffer. Med store refleksjonar, og store variasjonar.  Kanskje er det ikkje alle spørsmål som har eit riktig svar? Kanskje vil det alltid vere dimensjonar som blir undertrykte når røynda skal forenklast til eit ja eller nei?

Vi har snakka med fem personar i Halden fengsel, som alle har uttala seg på personleg grunnlag. Variasjonane i svara vi har fått, tilseier at variasjonane er enda større der ute. Men dei som til sist skal bestemme om Veronica Orderud får bli prest, er i Kyrkja. Svarar dei ja, må fengselsleiinga velje om ein drapsdømd kan få bruke sine ressursar innanfor murane. Det er ikkje vanleg at straffedømde blir klarerte for fengselsjobb – men det kan skje.

Frå Stian er beskjeden klar. Skulle han seie noko til Veronica Orderud, måtte det bli: «Go for it».

– Eg føler at vi som har sete inne, må stå saman. Eg ønskjer at den dagen eg sjølv eller andre kjem ut … at vi får ein sjanse til å leve vidare. Det er ei førestelling, både i og utanfor fengslet, om at vi som er i fengsel ikkje kan noko. Eg tenkjer at innsette kan, på lik linje med alle andre, seier han.

– Eg kjenner ikkje Veronica. Ho kan vere verdas beste, for alt eg veit.

Veronica Orderud har takka nei til å kommentere denne saka.  

 

Share on FacebookEmail this to someone