Dei gode ideane

Publisert i Forskerforum, februar 2015

Dei kan kome når du minst ventar det. Men dei kjem sjeldan åleine.

Det slo han plutseleg. Slik skildra Charles Darwin, ein av verdas mest kjende vitskapsmenn, augneblinken då han kom på teorien om naturleg utval. «I oktober 1838, femten månader etter at eg hadde starta på den systematiske undersøkinga mi, las eg for fornøyelsens skuld Malthus om populasjon …»

Der og då, med Malthus mellom hendene, forstod Darwin at «… under desse forholda ville gunstige variantar ha ein tendens til å bli bevart, og ugunstige ville ha ein tendens til ikkje å bli bevart. Resultatet ville bli danninga av nye artar».

Vi seier ofte at gode idear dumpar ned i hovudet på oss. Darwin si skildring av sin store augneblink kan minne om eplet til Isaac Newton: Dunk! Ein ny teori var fødd. Skilnaden var berre at Darwin fekk Thomas Malthus i hovudet i staden for eit eple. Darwins teori om korleis han fann sin store teori, skulle få regjere i nesten hundre år – heilt fram til ein annan forskar fekk ein idé om å granske saka nærmare.

Løyser kreftgåta saman
Verdshistoria er full av gode idear. Nokre får næring, vekst og breier om seg: Dei endar opp som hjul på kjerrevogner, bergsikringsboltar i gruver eller moglege løysingar på kreftgåta. Andre idear ser så vidt lyset inne mellom hjernecellene våre, i kantina eller til og med rundt møtebordet, før dei sloknar i eit evig mørke.

«Dei mest spennande resultata får ein ofte frå idear som inneber høg risiko.»

Johanna Olweus

Rundt bordet i eit møterom på Radiumhospitalet sit ei gruppe kreftforskarar og diskuterer sine siste arbeid. Dei har kvar sine spesialitetar, men deler eit felles mål: Dei vil bruke komponentar frå immunsystemet til mennesket for å angripe kreftceller.

På bordet står kaffi og sjokolade. Over bordet blir erfaringar, innspel og nokre gonger latter delt. Eit par gonger reiser gruppeleiar Johanna Olweus seg og noterer noko som for oss er uforståeleg, på tavla. Ein kreftmedisin der motgifta styrer direkte inn på kreftcella og øydelegg ho, utan å øydeleggje friske celler i tillegg, er ein god idé. Men skal ein kome dit, må ein oppleve mange nedturar først.

– Møta er viktige for arbeidet vårt, seier Olweus.

– Forsking er jo som ei einaste lang problemløysing. Kvar dag opplever vi mange nye utfordringar. På møta diskuterer vi alle nye idear, og alle får vite kva alle gjer.

Olweus er opptatt av å skape ein atmosfære der det er trygt å stille spørsmål. Ingen skal vere redde for å dumme seg ut. Sjølv opplever ho det også som verdifullt å snakke med folk frå andre fagfelt. Ved K. G. Jebsen Senter for immunterapi mot kreft er seks forskingsgrupper med ulik ekspertise samla, og dette er avgjerande, meiner ho.

Men, trass i gode idédyrkingsforhold: Rett som det er viser det seg at ein idé ikkje fungerer. Då må dei prøve på nytt, med ein ny vri.

– For å få fram dei verkelig gode løysingane må ein ofte teste ei lang rekke idear. Dei mest spennande resultata får ein ofte frå idear som inneber høg risiko, seier Olweus.

Fann fellestrekk
Arne Carlsen, førsteamanuensis ved BI, var nysgjerrig på korleis idear blir til. Han leia frå 2008 til 2011 eit team av norske og internasjonale forskarar som studerte idéarbeidet i seks ulike organisasjonar: Snøhetta, Statoil, Advokatfirmaet Thommessen, Thompson Reuters Point Carbon, SpareBank 1 og Aftenpostens A-magasinet.

– Vi fann overraskande mange fellestrekk, seier Carlsen.

Éin aktivitet som gjekk igjen, var «prepping». Her søkjer ein djup fagkunnskap og gjer grundige analytiske førebuingar. Så snakkar ein saman om alternative måtar å kombinere kunnskapsbitane på. Prepping vart brukt både av arkitektar som skulle teikne hus, av oljeleitarar som skulle finne olje, og av advokatar som planla rettssaker. For eksempel.

– I nokon prosjekt har du fem, ti eller femten personar som jobbar i lag. Dei utvekslar ikkje e-postar fram og tilbake, men dei samlast og ser på ting i lag der og då, seier Carlsen.

Folk som gjer ting i lag, har oftast gjennombrot når dei klistrar data på veggen, flyttar det rundt, skriblar på det og fargelegg det.
Å møtast fysisk og å vere fysisk, ved å ta på idear eller materialisere det abstrakte, er ein viktig kvalitet ved idéskapande arbeid – og ikkje berre i dei seks verksemdene. Saman med amerikanske Jane E. Dutton har Carlsen også gitt ut ei bok med historier om skapande stunder i kvalitativ forsking.

– Vi fann at det fysiske er svært viktig også her. Folk som gjer ting i lag, har oftast gjennombrot når dei klistrar data på veggen, flyttar det rundt, skriblar på det og fargelegg det.

To ufullstendige idear
I boka Where good ideas come from skriv den amerikanske forfattaren Steven Johnson om korleis fysiske møteplassar, som kaffihusa i England på 1600-talet, har gitt opphavet til store idear. Han gjev også eit eksempel på kor gale det kan gå viss tankar og menneske ikkje får møte kvarandre:

Sommaren 2001 sendte FBI-agenten Ken Williams eit brev til FBIs hovudkvarter. Han åtvara mot at potensielle terroristar studerte ved amerikanske flyskular, og at Osama bin Laden kunne stå bak. Brevet hamna i eit svart hol i hovudkvarteret – det tok nesten tre veker før det kom til ein analytikar som merkte det «rutine» i staden for «hastesak».

Etter terroråtaka uttalte FBI-sjefen at brevet, det såkalla «Phoenix memo», ikkje kunne ha hindra det som skjedde. Williams visste for lite. Men hadde brevet blitt kopla saman med ein annan tanke, kunne resultatet blitt annleis. Ein månad etter at det vart sendt, begynte nemleg ein ny student på ein flyskule i Minnesota. Dei tilsette vart mistenksame, delvis fordi han viste svært stor interesse for cockpitdører og flykommunikasjon, men ikkje for å fly. Skulen kontakta FBIs regionkontor, men agentane mangla prov og fekk ikkje løyve til å søkje gjennom laptopen hans – før etter åtaket: Då fann dei direkte forbindelsar til elleve av flykaprarane, i tillegg til mykje anna informasjon.

Ingen kan slå fast at ei samankopling av brevet og Minnesota-saka ville ha hindra terroråtaka. Men det kunne definitivt gitt grunnlag for å søke gjennom laptopen, meiner Steven Johnson.

«Dei fleste store idear er ufullstendige til å begynne med», skriv han.

«Dei har spiren til ei djup innsikt, men manglar det nøkkelelementet som verkeleg kan gje dei kraft.»

Frå teori til praksis
Frå den spede spira og til den livskraftige, samfunnsnyttige ideen kan vegen vere både lang og kronglete, kanskje særleg i eit forskingsinstitutt. Kjem ein så langt som til ein god tidsskriftartikkel, er det vel og bra. Men kan ein også tenkje større? Kva skal eigentleg til for at teoriar blir til praksis?

Nokre av dei norske universiteta har i dag innovasjonsselskap som skal byggje bru mellom forsking og næringsliv. Steinar Kvam er marknadsansvarleg ved NTNU Technology Transfer (NTNU-TTO).

– I forskinga ligg det eit enormt potensial for nye verksemder, produkt og tenester. Men det blir brukt lite pengar på å utnytte potensialet, og forskarar har ikkje insentiv til å drive med innovasjon, seier han.

NTNU-TTO blir stadig kontakta av forskarar som har ein idé eller eit resultat der dei ser eit kommersielt potensial. NTNU-TTO hjelper med marknadsundersøkingar, finansiering, prototypar, patent, strategi og alle slags kontraktar og avtalar. Dei kan også kjøpe forskarar fri frå stillingar, heilt eller delvis, slik at dei kan jobbe med ideen sin.

– Vi har fleire store og små suksesshistorier. Nyleg vart rettane til ein bergsikringsbolt selde for 90 millionar kroner til eit av dei største gruveselskapa i verda, seier Kvam.

Ein del av pengane går alltid attende til forskingsmiljøet, øyremerkte for vidare innovasjonsarbeid.

«Dei beste forskarane og idéarbeidarane deler ei sterk grad av undring.»

Arne Carlsen

Handlekraftige undrarar
Arne Carlsen og kollegaene presenterer i boka Idea Work ei liste med ti kvalitetar ved ekstraordinært idéarbeid. Prepping er den eine. Å vere fysisk er ein annan. Frigjerande latter er ein tredje. Evna til undring er ein fjerde.

– Dei beste forskarane og idéarbeidarane deler ei sterk grad av undring. Dei er ein slags handlekraftige undrarar. Dei har spørsmål som dei brenn for, og ein meir enn normalt utvikla empati. Dei er brennande nysgjerrige på andre, og dei tør å stå i ein søken der ting er forvirrande, seier han.

Nettopp det som er normalt for andre, kan vekke undring for desse menneska. Slik kan dei høyre noko anna i ein notis i Rogalands avis enn det andre gjer. Eller dei kan halde fram med å leite etter olje i eit område der det allereie har blitt leita i tjue år, og til slutt få bingo.
Kreftforskar Johanna Olweus trur det er viktig å ha ei sterk indre drivkraft.

– Har ein ei slik drivkraft, tenkjer ein på det heile tida. Men det kan vere vanskeleg å få til om nokon andre har bestemt kva du skal forske på, meiner ho.

Ho trur programforskinga kan stå i vegen for kreativiteten i norske forskingsmiljø, og ho heiar på den frie forskinga.

Eureka, bit for bit
Ein oktoberdag i 1883 forstod Charles Darwin at han var inspirert. Der han sat med Thomas Malthus mellom hendene og las om at verdas matproduksjon ikkje kan halde tritt med folkeveksten, og at folketalet dermed må regulerast gjennom krigar, hungersnød og epidemiar, var det eit lys som gjekk opp for han. Eureka.

Nesten hundre år seinare skulle vi få vite betre. Tidleg i 1970-åra bestemte psykolog og historikar Howard Gruber seg for å kikke nærare på Darwins notatbøker. Gruber skulle finne spekulasjonar og diskusjonar som fortalde ei heilt anna historie enn den Darwin fortalde i sjølvbiografien sin. I avsnitt skrive mange månader før oktober 1838, skildra Darwin teorien bak naturleg utval nesten fullt ut.

Vi veit ikkje heilt når Darwin fekk sin store idé. Det vi veit, var han ikkje hadde han sommaren 1837, og at han var heilt på plass i november 1838. Kvifor vi ikkje kan vise til eit nøyaktig tidspunkt? Jo, fordi teorien om naturleg utval, som så mange store idear, seig inn i medvitet over tid. Så fylte det seg på, med litt undring her, og litt Malthus der, og vips, så innsåg Darwin det han eigentleg hadde hatt ved fingerspissane sine i lang tid.

Slik er det med dei store ideane. Vi veit sjeldan når dei kjem, for dei kan kome i beskjeden frakk, stykkevis og delt. Men viss vi dyrkar kunnskap, openheit, latter, undring og fellesskap, kan vi bidra til at dei kanskje bankar på ein dag – og blir verande.

 

Slik dyrkar du gode idear

Ta vare på tankane dine! Ha ei notatbok, som Darwin. Her kan du samle kunnskap og innsikter, og du kan hjelpe deg sjølv til å sjå nye mønster.
Snakk med folk, både frå ditt eige og andre felt. Set av tid til prepping.
Øv opp evna til undring. Leit etter det rare i det normale.
Ver fysisk! Gå vekk frå elektroniske media og bruk lappar, skisser, gestikulasjonar.
Le. Latter er frigjerande, gir energi og styrkjer sosiale band.
Ikkje ver redd for å stille dumme spørsmål.

Kjelder: Bøkene Idea Work av Arne Carlsen mfl. og Where Good Ideas Come From av Steven Johnson

Share on FacebookEmail this to someone